Arbeids- og aktivitetstilbod

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug

Trykk her for retningslinje for tildeling av plass ved arbeids- og aktivitetssenter i habiliteringstenesta

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva får du?

Her får du tilbod om arbeid, aktivitetar, sosiale samvær og gode opplevingar. Du kan få tilbod om alt frå ein til fem dagar i veka. Kva dagar du kan vere på dagtilbodet er avhengig av ønska dine og kva behov du har. Dei ulike dagtilboda har aktivitetar som er tilpassa den enkelte, til dømes;

  • tilrettelagte oppgåver
  • opptrening av ferdigheter
  • sosiale samlingar
  • utflukter
  • fysisk aktivitet
Krav til søkjar
  • du har ei utviklingshemming, eller liknande diagnose
  • du har behov for arbeid, aktivitet og sosialt fellesskap
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tek kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss

Knarvik arbeidssenter:


Knarvik arbeidssenter har besøksadresse; Kvernhusmyrane 28, Knarvik.
Senteret er ope kl. 08.00 - 15:30.
Telefonnummer: 97 10 29 65

Radøy arbeidssenter:


Radøy arbeidssenter har besøksadresse; Prestmarkvegen 1C, Manger.
Senteret er ope kl. 08.00 - 15:30
Telefonnummer: 48 49 73 08

Du kan også ringe innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00

E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 28.03.2022
Publisert: 13.07.2018