Følgjebevis

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Følgjekort eller ledsagerbevis er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur -og fritidsarrangement  og offentlig transport .

Slik søkjer eller fornyar du følgjekortet

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for følgjekort
  2. Trykk her for elektronisk søknadsskjema
  3. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  4. Legg ved eit passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist
  5. Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post
  6. Send søknaden og vedlegga til

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år
  • Trykk her for retningslinje for tildeling av følgjebevis

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019