Støttekontakt
Treng du støttekontakt?
Slik søkjer du om støttekontakt
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Kva får du?
Støttekontakten kan mellom anna komme på besøk til deg, bli med på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktiviteter. Hjelpa blir gitt etter dine ønskjer.
Støttekontakten har vanlegvis ingen spesiell faglig bakgrunn, men får opplæring og blir følgt opp av fagfolk.
Krav til søkjar
Du må ha behov for hjelp til å ivareta ei aktiv og meiningsfull fritid.
Kva kostar det?
Det er gratis å ha støttekontakt. Men du må rekne med å dekke dine eigne utgifter til aktiviteter de gjer saman, til dømes inngangspengar til symjehall, kinobillett, mat og så vidare.
Du kan ha rett på følgjebevis som gjør at støttekontakten din får gratis eller billigare inngang mange stader.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tek kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtaket
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.
Vil du bli støttekontakt?
Slik blir du støttekontakt
Som støttekontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid. Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!
Kven kan bli støttekontakt?
- du bør vere minst 18 år
- du må kunne leggje fram politiattest
- du må vere trygg på deg sjølv og like å vere saman med andre
- du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
- for å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bind deg for minst eitt år
Slik søkjer du om å bli støttekontakt
Send ein e-post til stottekontakt@alver.kommune.no.
I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du? Kva brukarar vil du helst jobbe med? Eksempel på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar eller menneske frå andre kulturar.
Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice i Knarvik senter, på Frekhaug eller på Manger, eller send dei til:
- Alver kommune
Koordinator for støttekontakt
Postboks 4
5906 Frekhaug
Kva skjer når du har søkt?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker.
- Vi kallar deg inn til ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vere støttekontakt.
- Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn den fram når vi har behov for nye støttekontaktar.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00
- Ring oss på telefon 56 37 50 00
- Send ein e-post til stottekontakt@alver.kommune.no