Syn og hørsel

Syns- og hørselshemma som har behov for råd, rettleiing eller hjelpemidlar kan ta kontakt med Syns- og Audiopedagogisk Senter. Senteret gir bistand til syns- og hørselshemma som har rett til opplæring etter opplæringslova eller hjelpemidlar etter folketrygdloven.

Slik søkjer du

Kontakt senteret for råd og veiledning:
Syns- og Audiopedagogisk Senter
Møllendalsveien 1A
5009 Bergen
Telefon: 53 03 72 50
E-post: synogaudio@bergen.kommune.no

Kva får du?

  • Råd og rettleiing til brukarar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Hjelp til å komme i kontakt med andre instansar
  • Utgreiing ved eit av våre kontor/heimebesøk
  • Bistand med søknad om, samt rettleiing og tilrettelegging av hjelpemidler

Krav til søkjar

  • Alle kan ta kontakt med Syns- og Audiopedagogisk Senter.
  • Dokumentasjon frå lege blir lagt til grunn for oppfølginga ved senteret.

Vedlikehald av høyreapparat og bestilling av hørselshjelpemiddel

Alver kommune har ikkje hørselskontaktar. Dersom du treng hjelp med vedlikehald av høyreapparatet ditt, så kan du ta kontakt med audiografen som du fikk apparatet av. Du kan også ta kontakt med optikerar som også stundom kan utføre enkelt vedlikehald, eller i samråd med deg sende høyreapparatet til leverandør for vedlikehald/reparasjon.
Dersom du har behov for enkle hørselshjelpemiddel så kan ergoterapeut eller anna fagperson i kommunen som er godkjent av NAV hjelpe deg med å bestille hjelpemiddel frå NAV si bestillingsordning.

Oversikt over hørselshjelpemiddel på NAV si bestillingsordning:

  • Samtaleforsterkar
  • Telefonforsterkar
  • Fleksiblinkanlegg (varslingsutstyr med lyd, lys, symbol, vibrasjon kobla til bl.a. røykvarsler, vekkerklokke, telefon, dør- og porttelefon)
  • Oveføring av lyd frå TV til hodetelefon eller høreapparat (dersom du har dette)
  • Overføring av lyd frå TV/radio til mobil høgtaler


Trykk her for informasjon om søknadsskjema for ergoterapi 


Sist oppdatert: 22.04.2021
Publisert: 04.03.2021