HjemHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevne og utviklingshemmingTilsynsordning for born og unge med særskilde behov

Tilsynsordning for born og unge med særskilde behov

Om ordninga

Tilsynsordninga skal leggje til rette for at føresette kan delta i vanlege samfunnsaktivitetar, medrekna arbeid.

Tilsynsordninga er eit samarbeid mellom Oppvekst og Helse og omsorg.

Heimel

  • Tilsynsordning på 1.-7. trinn vert gjeve gjennom SFO heimla i opplæringslova § 13-7. Skolefritidsordninga .
  • Tilsynsordninga på 8.-10. trinn er eit ulovheimla tilbod i regi av Oppvekst i Alver komune.
  • Tilsynsordning på 11.-13. trinn vert gjeve som avlasting i regi av Helse og omsorg i Alver kommune med heimel i pasient- og brukarrettighetslova § 2-8 jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2.

Definisjonar

Tilsynsordninga gjeld både for skuledager med undervisning, og på undervisningsfrie dagar.

Med undervisningsfrie dagar meinar vi planleggingsdager og ferie som inngår i skuleruta, merdrekna haustferie, juleferie, vinterferie og sommarferie utanom fellesferien. Fellesferien er dei vekene SFO har stengt i skuleruta (fire veker i juli). Heilagdagar er ikkje omfatta av tilbodet.

Tilsynsordninga har stengt dei dagane SFO har stengt i skuleruta (planleggingsdagar).

Helse- og omsorg gjev ikkje avlastning på planleggingsdagar der tilsynsordninga har stengt etter skuleruta.

På undervisningsfrie dagar kan tilbodet bli samlokalisert med andre tilsvarande tilbod i kommunen.

Ytre rammer for tilsynsordninga er måndag - fredag kl. 07.30 - 16.30.

Tilsynsordninga vert gjeve ved skulen barnet /ungdommen er elev.

Verkeområde

Ordninga gjeld for barn og unge frå 1. trinn til fullført vidaregåande skule, i offentlege skular og friskular i Alver kommune.

Tilsynsordning for barn frå 1.-7. trinn (barneskulen)

For barn på 1. til 7. trinn tilbyr kommunen tilsynsordning ved skulen der barnet er elev. Tilsynet vert gjeve ved skulefritidsordninga SFO, og rektor er ansvarleg for ordninga.
Ansvaret omfattar finansiering, administrasjon, praktisk tilrettelegging, handsaming av søknader og avgjersle, samt dialog med føresette.

Rammeplan for skulefritidsordninga skal leggjast til grunn for innhaldet og kvaliteten i tilsynsordninga.

Søknadsfrist er 01. mars i oppstartsåret.
Plass i tilsynsordning vert gjeve for inntil 3 år om gangen.

Tilsynsordning for barn frå 8.-10. trinn (ungdomsskulen)

For barn på 8. til 10. trinn tilbyr kommunen tilsynsordning ved ungdomsskulen der ungdommen er elev. Tilsynet vert gjeve ved skulen, og rektor ved ungdomsskulen er ansvarleg for ordninga. Ansvaret omfattar finansiering, administrasjon, praktisk tilrettelegging, handsaming av søknader og avgjersle, samt dialog med føresette.

Rammeplan for skulefritidsordninga skal leggjast til grunn for innhaldet og kvaliteten i tilsynsordninga.

Søknadsfrist er 1. mars i oppstartsåret.

Dei same kriterium som gjeld for opptak til skulefritidsordning frå 5.- 7. trinn gjeld også for plass på tilsynsordning for 8.-10 trinn.

Plass i tilsynsordning vert gjeve for inntil 3 år om gangen.

Tilsynsordning for ungdom i vidaregåande skule

For ungdomar i vidaregåande skule tilbyr kommunen tilsynsordning ved den vidaregåande skulen der ungdomen er elev.

Helse og omsorg er ansvarleg for å gjere avtale med Vestland fylkeskommune v/den vidaregåande skulen om tilsynet. Helse og omsorg sitt ansvar omfattar inngåing av avtale, finansiering av tilsynsordninga, handsaming av søknader og avgjersle, samt dialog med føresette og skule.

Søknadsfrist er 01. mars i oppstartsåret

Rammeplan for skulefritidsordninga kan vere eit utgangspunkt for etablering av innhald i ordninga. Kommunen v/helse og omsorg stiller krav til innhald i ordninga i avtale med Vidaregåande skule.

Vilkår for rett til avlasting i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-8 jf. helse-og omsorgstjenestelova § 3-6 gjeld for rett til plass i tilsynsordninga. Dersom ungdommen har hatt tilsyn i åra på 5.-10. trinn, er retten til tilsynsordning for vidaregåande skule innfridd.

Plass i tilsynsordninga vert gjeve ved vedtak for alle åra ungdommen er elev ved den vidaregåande skulen.

Kva kostar det?
  • Tilsynsordninga frå 1. – 4. trinn: Ein betalar SFO-sats ved skulen barnet går på og ut frå kva plass ein søkjer.
  • Tilsynsordninga frå 5. – 10. trinn er gratis.
  • Tilsynsordninga for ungdom i vidaregåande skule er gratis.
Slik søkjer du

1.-7. trinn:

Trykk her for å søkje

8.-10. trinn:

Trykk her for å gå til søknadsskjema for tilsynsordning for 8.-10. trinn.

Vidaregåande: 

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug

 

Søknadsfrist er 1. mars.

Skyss

Elevar har ikkje rett til skyss til SFO eller leksehjelp, sjølv om dei har lang eller farleg skuleveg. Barn som har plass i SFO og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og fra SFO. Denne retten gjeld uavhengig av avstanden mellom heim og SFO. Retten gjeld ikkje i skuleferiar.

Rett til skyss til tilsynsordninga i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring vert avgjort i kvart einskild tilfelle i vedtak om plass i tilsynsordninga. Som hovudregel følgjer ein same ordning som for SFO. Retten vil ikkje gjelda på undervisningsfrie dagar.
Retten til skyss til og frå tilsynsordningane vil til ein kvar tid følgje gjeldande retningslinjer.

Friskular


Elevar i friskular nyttar i utgangspunktet friskulen si tilsynsordning/SFO på barneskulen. Friskulen står ansvarleg for tilbodet. Det er friskulen som har ansvar for å melde behov til kommunen. Behovet vil då verte vurdert på lik line med elevar i offentleg skule. Kostnadane vert dekke av Alver kommune etter same ordning som for offentlege skular.


Sist oppdatert: 28.06.2022
Publisert: 28.06.2022