Arbeid og aktivitetstilbod

Ankeret, Knarvik

Ankeret aktivitetssenter er eit rusfritt lågterskeltilbod for menneske med psykiske helseutfordringar, og som ønskjer å ha ein møtestad. Lokala våre inneheld biljardbord og bordtennis. Vi har dart og fleire ulike spel. Vi har og fleire PC-ar til disposisjon.

På Ankeret aktivitetssenter bidrar alle etter evne og behandlar kvarandre med venlegheit og respekt.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for mat. Lunsj kostar kroner 50,-

Kva får du?

  • Måndag startar dagen med avisrunde og ein kopp kaffi. Vi kan sjå film, spele spel, gjere handarbeid eller andre kreative aktivitetar. Den første måndagen i kvar månad har vi Husmøte circa klokka 13.00.
  • Torsdag startar dagen med ein kopp kaffi og avisrunde. Vi tek gjerne i mot forslag til turar/aktivitetar du kunne tenkje deg å vere med på. Det finst ulike aktivitetar på huset som vi kan bruke.
  • På fredagar er Ankeret kun ope for kvinner. Ønskjer du å treffe andre kvinner og vere med i eit fellesskap i trygge rammer, er du velkomen til oss! Dagen kan bestå av ulike aktivitetar, som til dømes sjå ein film, handarbeid, og hyggelege samtalar.

Du treng ikkje søkje om plass. Ring oss eller møt opp når me har ope. Ankeret har ope måndag, torsdag og fredag frå klokka 09.30 til 15.00.

Kontakt oss

Kvassnesvegen 17
Underetasjen
5914 Isdalstø

Ring oss på mobil: 945 03 167
Vi svarar på mobilen i opningstida.

Ner Kolås, Lindås

Arbeids- og aktivitetssenter Ner Kolås har fokus på arbeidstrening og aktivitet i eit trygt sosialt fellesskap. Senteret er eit tun med fleire bygningar.

  • I kjellaren driv vi med handverksaktivitetar
  • I snikkarbua driv vi med trearbeid
  • I løa produserer vi ved for sal
  • Enkelt vedlikehald av eigedommen

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for mat. Lunsj kostar kroner 50,-

Kva får du?

  • Du får tilrettelagte arbeidsoppgåver og ein avtale om arbeidsoppgåver som er tilpassa deg.
  • Du får arbeidstrening og aktivitet i eit trygt og sosialt fellesskap.
  • Transport.

Krav til søkjar

  • Du må vere i aldersgruppa 25-67 år. I særskilte tilfelle kan personar mellom 18-25 år få plass.
  • Du må like og klare å delta i gruppeaktivitetar.

Trykk her for retningslinje for tildeling av plass ved Ner Kolås arbeids- og aktivitetssenter

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars kvart år. Du må søkje for kvar ny periode. Dersom det blir ledige plassar midt i ein periode, kan vi tildele desse etter kvart.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Aktiv Saman, Manger

Aktiv Saman er eit tilbod til menneske med psykiske helse og/eller rusproblem. Vi har ope kvar torsdag frå klokka 10.00 – 14.00. Fokuset er å vere saman med andre i eit sosialt fellesskap der vi lagar mat, spelar bingo, markerer høgtider, går turar og driv med ulike former for handarbeid. Deltakarane får vere med å lage meny og lage plan for ulike aktivitetar ein kan drive med.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for mat. Lunsj kostar kroner 50,-

Kontakt oss

Om dette er noko du ønskjer å vite meir om eller du ønskjer å vere med, så kan du kontakte;
Linda Rognsøy
Telefon: 99 40 55 05 eller 56 34 92 80

Basseng-gruppe, Manger/Radøyhallen

Annan kvar fredag har Psykisk helse og rusteneste i Alver tilgang til begge bassenga i Radøyhallen. Radøyhallen har eit terapibasseng og eit 25-metersbasseng. Dette er eit tilbod til deg som har ei teneste i psykisk helse og rus.

Tidspunkt 

Klokka 13.30 - 14.30.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Snakk med din primærkontakt i tenesta, opptak etter påmelding.

Arbeidsaktiv

Prosjekt Arbeidsaktiv er eit arbeidstreningstilbod for personar med rusrelaterte helseproblem. Målet er å gjennom arbeid og oppfølging gjere den enkelte deltakar betre rusta, og moglegheit til å bygge opp nok sjølvtillit til å ta steget ut i arbeid, eller kunne nyttiggjere seg av tilboda NAV har på dette området.
Prosjektet vil prøve å ivareta den enkelte deltakar sine ønskjer og behov, slik at utfordringar og krav vil gje gode opplevingar av mestring og utvikling.
Prosjektet blir tildelt arbeidsoppdrag av drift og vedlikehald i eigedomsavdelinga i kommunen, mellom anna oppgåver som høyrer til grønt-avdelinga i kommunen.

Prosjekt Arbeidsaktiv har som målsetnad for deltakarar

  • å skape tryggleik og trivnad, og bidra til betre helse og økt livskvalitet
  • å skape ein meir aktiv og meiningsfull kvardag
  • å oppleve mestring av arbeidslivet sine krav og oppgåver
  • at tilbodet skal vere fleksibelt og individuelt tilrettelagt

Prosjekt Arbeidsaktiv sine verdiar:

  • Rusfri i eit rusfritt arbeidsmiljø
  • Arbeidsoppgåver til inspirasjon, fagleg og sosialt
  • Samarbeid – respekt og ansvar gir vekst

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eitt av våre kontor for innbyggjarservice i Knarvik senter, på Manger eller Frekhaug, eller send dei til:

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • sosial trening og ein strukturert kvardag
  • arbeidserfaring gjennom arbeidsoppgåver innan blant anna vedlikehald og grøntanlegg
  • betre psykisk og fysisk helse
  • erfaringar omkring samarbeid med andre
  • medverknad rundt planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • individuelt fokus og individuelle mål

Krav til søkjar

  • det er krav til at du er rusfri i arbeidstida
  • du deltar i eit team
  • ha ein eigen motivasjon for å vera med

Kva skjer vidare?

  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Kontakt oss

Om du tenker at dette kan vere noko for deg, kan du ta kontakt med;
Martine Haugland
Telefon: 45 37 58 91

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Sjursehuset

Sjursehuset er eit aktivitetstilbod til menneske med psykiske plagar og rusproblem. Sjursehuset ligg på Frekhaug og har tre ulike tilbod.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale kroner 50,- for lunsj og kroner 60,- for middag.

Kva får du?

Kvar onsdag har vi aktivitetsgruppe frå klokka 10 – 14. Då møtast vi til fast tid på Sjursehuset og legg plan for dagen saman. Som oftast reiser vi til ein aktivitet ca. klokka 11. Aktiviteten kan vere; tur i nærmiljøet, tur til eit kjøpesenter, bowling, korte fjellturar, kafèbesøk, tur til bruktbutikken, spele spel eller å ha besøk på Sjursehuset. Som regel er det mellom 5-10 personar med i gruppa kvar gong. Hovudmålet med aktivitetsgruppa er sosial trening.

Annakvar tysdag er det tysdagskafé på Sjursehuset frå klokka 17.30 – 20.00. Denne dagen lagar vi middag saman. Du må sjølv betale for middagen.

Kvar fredag har vi Fredagskafé. Vi har ope frå klokka 11.00 – 13.00. Dette er eit lågterskeltilbod til rusavhengige. På kaféen vert det servert eit varmt måltid, samt kaffi, te eller kakao. Du må sjølv betale for maten. Vi har fokus på å ha det hyggeleg saman, gode samtalar og støtte til  kvarandre.

Kontakt oss

Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kan du ta kontakt med;
Petter Lingjerde
Telefon: 99 49 76 05

Stig Inn

Stig inn - aktiv kvardag er eit tilbod til deg som har rusrelaterte  problem, og ønskjer at livet skal endre seg i ei meir positiv og aktiv retning. Tilbodet er ope for alle i denne målgruppa tre dagar i veka.

Du treng ikkje søkje om plass. Ring oss eller møt opp når vi har ope. Du kan møte opp ein eller fleire dagar om du vil delta på dei ulike aktivitetane

Opningstider

Måndagar frå klokka 11.00 til 14.00.
Onsdagar frå klokka 11.00 til 14.00.
Torsdagar frå klokka 11.30 til 14.00.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale kroner 50,- for lunsj.

Kva får du?

  • Måndag og onsdag inviterer vi til sosialt samvær og ulike aktivitetar. Det er også rom for den gode samtalen.
  • Torsdag har vi turdag. Turen startar ved lokala til Stig inn klokka 10.30. Vi kler oss etter veret.
  • Felles lunsj alle tre dagane.

Krav til brukar

  • Du har eit rusrelatert problem
  • Du ønskjer endring i livet i ei meir positiv og aktiv retning
  • Du ønskjer å ta meir ansvar i livet ditt
  • Vi ønskjer at «Stig Inn- aktiv kvardag» skal vere ein trygg og god stad. Difor har vi saman utarbeidd eit sett med husreglar, og ventar at alle som nyttar tilbodet følgjer reglane.

Kontakt oss

Adresse: Kvernhusmyrane 1, Knarvik

Vi svarar på ein av desse tre mobilane mellom klokka 08.00 og 15.30
Mobil: 990 94 093 eller 404 36 201
Vi svarar på denne mobilen i opningstida:
Mobil: 409 10 897

Onsdagsturen

Dette er eit rusfritt tilbod til personar med psykisk helse og/eller rusutfordringar. Vi går på ulike turar i Alver kommune. Du treng ikkje melde deg på, berre møte opp i Avdeling psykisk helse og rus sine lokale i Knarvik – Promenaden, 3. etasje.

Tidspunkt

Kvar onsdag klokka 12.00 – 14.00.

Kva kostar det?

Om du ikkje har eigen bil, og må sitte på med nokon andre kostar det kr. 40-50,- per tur.

Kontakt oss

Miljøterapeut Jorun Aalvik: 945 38 084
Spesialsjukepleiar Liv Erdal: 977 36 571
Martine Haugland: 453 75 891

Treningsglede

Dette er ei treningsgruppe for personar med psykiske helseutfordringar. Tilbodet er i eit eige treningsrom i Nordhordlandshallen. Instruktør er ein tilsett ved Avdeling psykisk helse og rus i kommunen. Treninga vert utført til musikk, og varer i ein time med varierte øvelsar for betre kondisjon, styrke og uttøyning. Vi  avsluttar med 10 minuttar avspenning. Den einskilde deltakar kan sjølv tilpasse intensiteten i treninga til eigen fysisk form.

Garderobar/dusjar ved Nordhordlandshallen kan nyttast etter trening.

Ein viktig del av tilbodet er felles lunsj og sosialt samvær klokka 12.30 ved Ankeret aktivitetssenter, etter treninga.

Tidspunkt

Kvar torsdag klokka 10.45 - 13.00.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale kroner 50,- for lunsj.

Kontakt oss

Ta kontakt via telefon til instruktør Jorun Aalvik, telefon: 94 53 80 84, måndagar mellom klokka 12.00 – 13.00. Eller Martine Haugland telefon: 45 37 58 91

Spelgruppe, Manger

Dette er eit tilbod til menneske med rus og psykiske plagar, og til deg som er glad i spel og gaming. Vi har grupper med spel og hobbyaktivitet basert på brukarane sine aktivitetsønskje.
Målet er å samle dei med lik interesse eller med ønskje om ein felles aktivitet, men som har sosiale utfordringar som gjer det vanskelig å oppsøke andre tilbod.

Vi har to grupper:

1. Tabletop spel til dømes warhammer.
2. Tv-spel, til dømes nintendo, xbox, playstation, pc.

Tidspunkt

Tilbodet er på kveldstid, men kva dag kan variere.

Kva kostar det? 

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Om du tenker at dette kan vere noko for deg, kan du ta kontakt med;
Psykisk helse og rus, v/ lokalkontor Manger, Stig F. Aakre, telefon: 474 59 718

Fritidskalenderen

Ønskjer du å delta i ulike aktivitetar saman med andre? Fritidskalenderen er eit lågterskeltiltak i avdelinga for psykisk helse og rus, der vi har fokus på å gjere kjekke ting ilag med andre.
Mottoet til fritidskalenderen er: «Det er godt å vera saman med andre».

Du treng ikkje søkje for å delta. Vi har plass til fleire! Dersom du har lyst til å vere med, kan du ta kontakt med fritidsleiar for ein uformell samtale om dette er eit tilbod som passar for deg.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må sjølv betale for eventuelle måltid, billett- og inngangspengar og transport.

Kva får du?

Tilbodet skjer på ettermiddagstid og i helger, og vert leia av fritidsleiar. Programmet for Fritidskalenderen kjem ut annankvar månad og inneheld varierte aktivitetar. Aktivitetane varierer ut frå årstid og kva tilbod som til ei kvar tid er i regionen vår.
Eksempel på aktivitetar er musikkgruppe, filmkveld, kino, teater, trening, aktivitet og turar i nærområdet, utstillingar, konsertar.

Krav til søkjar

Dette er eit fritidstilbod til ei gruppe. Som deltakar ventar vi at du er med og tar ansvar for gode opplevingar for heile gruppa.

Kontakt oss

Jürgen Steinhoff, fritidsleiar
Mobil: 976 74 501

Martine Haugland, gruppeleiar
E-post: jannice.myrmel-isaksen@alver.kommune.no
Telefon: 453 75 891

Trimgruppe - Frekhaug

På Frekhaug har vi tilbod om trening i gruppe. Du kan velje om du vil trene inne eller ute. Utetrening er som regel turar – kle deg då etter veret. Innetrening skjer på Meland aktiv med ulike treningsapparat – både kondisjon og styrke. Etter treninga er det felles avspenning og tøying.

Etter trening kjører vi til Sjursehuset kor vi et felles lunsj (ta med niste). Kaffi og te serverer vi, til dei som ønskjer det. Om du treng skyss treng vi å få beskjed om dette på førehand.

Hovudfokuset vårt er trening og eigeninnsats i fellesskap med andre.

Tidspunkt

Kvar torsdag klokka 11.00 - 13.30.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Om dette er noko for deg eller du vil vite meir kan du kontakte;
Petter Lingjerde
Telefon: 994 97 605


Sist oppdatert: 08.06.2020
Publisert: 21.01.2019