Psykisk helse og rus

Tilboda er fleksible og blir tilpassa din situasjon. Tilbod i psykisk helse og rus er for personar over 18 år. Personar frå 16 år kan vurderast. Du kan mellom anna få tilbod om:

  • råd og rettleiing
  • personlig oppfølging og samtalar
  • kartlegging og motivasjonssamtalar
  • tilvising til behandling i spesialisthelsetenesta (avdeling for rusmedisin) - kommunen har ansvar for å følgje deg opp både før, under og etter behandlinga
  • gruppetilbod
  • hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • individuell plan og hjelp til å finne riktige tenester
  • sosiale aktivitetar

Når det er naturleg og ønskjeleg kan også dine pårørande bli involvert.
Du må sjølv ønskje og vere motivert for å ta imot behandling. Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg akkurat no, kan kommunen tilby deg andre støttetiltak.

Målgruppe

  • personar busett i Alver kommune
  • vi gir og råd, rettleiing og samtalar til pårørande

Samarbeidspartnarar:

  • Fastlege
  • Legevakt
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
  • Barnevernstenesta
  • NAV
  • Spesialisthelsetenesta
  • Helsestasjon
  • Familievern

Opningstid

Opningstida er frå klokka 08.00 - 15.30.

Kontakt oss

Vi har driftskontor på;

  • Frekhaug: Petter Lingjerde (driftskoordinator), telefon: 994 97 605
  • Knarvik: Martine Haugland (driftskoordinator), telefon: 453 75 891
  • Manger: Linda Rognsøy (driftskoordinator), telefon: 994 05 505

Alver kommune har og eit eige Rusteam som kan kontaktast på telefon 453 75 891.

Lenkjer til lovverk og organisasjonar


Sist oppdatert: 24.08.2020
Publisert: 02.12.2019