Søkje psykisk helse og rusteneste
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva får du?
Vi gir mellom anna hjelp til:
- medisinoppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- burettleiing
- individuell plan
- oppfølging av barn med pårørande som er psykisk sjuke og/eller har rusrelaterte problem
- samtaler
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.