Bustad

Omsorgsbustad

Personar med nedsett funksjonsevne som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester eller tenester frå Psykisk helse skjer etter eigen søknad og individuell vurdering.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for bustad

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kundetorg i Knarvik senter, på Frekhaug eller på Manger, eller send dei til:

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Omsorgsbustad + (Bufellesskap) 

Bufellesskap er eit tilrettelagt butilbod med tilgjengeleg bemanning heile eller delar av døgnet. Enkelte stader har Alver kommune satellittleilegheiter/omkringliggjande leilegheiter der bebuaren får oppfølging av bemanninga frå bufellesskapet.

Avdeling heildøgnsbemanna butilbod er ei samla avdeling med tre bufellesskap og ein institusjon for menneske med alvorlige psykiske lidingar. Bufellesskapa har som mål å skape gode og trygge tenester. Den enkelte bebuar sitt ønskje og behov er viktige. Målet er å hjelpe bebuarane til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med eller utan oppfølging.
Målgruppa er menneskjer med psykiske lidingar og ROP-lidingar (samtidig rus og psykiske lidingar).

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for bustad

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kundetorg i Knarvik senter, på Frekhaug eller på Manger, eller send dei til:

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du får rettleiing og støtte til å klare deg mest mogleg sjølv og til å delta i samfunnet gjennom aktivitetar, arbeid og fritidstilbod.
  • du får råd og rettleiing og hjelp til å leggje til rette for at du, som er klar for det, får hjelp til å flytte ut til anna butilbod, eksempelvis leilegheit med mindre oppfølging.
  • du kan søkje om støtte frå Husbanken.

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningslinjene våre for tildeling av bustad.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Radøy interkommunale busenter (institusjon)

Radøy interkommunale busenter er ein institusjon for personar som har behov for heildøgnsbemanna butilbod innan psykisk helse. Institusjonen er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Bergen og Alver, med Alver som vertskommune.

Busenteret har som mål å skape gode og trygge tenester. Den enkelte bebuar sine ønskje og behov er viktige. Målet er å hjelpe bebuarane til å leve eit sjølvstendig, trygt og godt liv, med oppfølging. Målgruppa er menneske med langvarige psykiske lidingar, og behov for tett oppfølging frå helsepersonell.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva kostar det?

Prisen blir fastsett etter kva økonomi du har. Trykk her for å sjå forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Kva får du?

  • du får hjelp av helsepersonell
  • du får individuelt tilpassa hjelp og aktivitetar etter dine behov
  • du får medisinsk behandling og individuell oppfølging ved sjukdom
  • du får tilsyn av tilsynslege
  • du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved og utanfor institusjonen
  • fri medisin
  • fri tannbehandling ved offentleg klinikk
  • om du er klar for det, får du råd, rettleiing og hjelp til å flytte til anna butilbod, til dømes ein leilegheit med mindre oppfølging.

Krav til søkjar

  • du er over 18 år
  • du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
  • du må kunne nyttiggjere deg av tilbodet i institusjon
  • du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald ved instutisjon
  • søknaden må dokumenterast med legeuttale/ spesialistvurdering 
  • andre tenester må vere vurdert eller prøvd

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Kommunal bustad

Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Vi kan medverke til å skaffe deg ein stad å bu, om du ikkje klarar dette på eiga hand.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for kommunal bustad.

  • Før du opnar skjemaet, leit fram: dokumentasjon som viser kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  • Er du skilt eller separert, må du leggje ved kopi av skifteavtale.
  • Er du utanlandsk statsborgar, må du legge ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

Du kan også levere skjemaet til eit av våre kontor for innbyggjarservice. Desse finn du i Knarvik Senter, på Manger og på Frekhaug. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Vere registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsakar ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Ha låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019