Registrering og bustad

Slik kan du registrere deg
  • Ta kontakt med lokalt politi
  • Ring flyktningetenesta i Alver på 45 83 29 26. Vi svarar på telefonen i vekedagane mandag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00. Telefonen har vanleg opningstid onsdag, torsdag og fredag i påskeveka også.
Bur du heime hos nokon?

Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som bur privat.

Har du leigd privat bustad?

Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som finn bustad på eiga hand.

Treng du hjelp til å finne ein stad å bu?

Du vil få tilbod om bustad når du har registrert deg og får opphaldsløyve.

Treng du klede og møblar?

Frivilligsentralane har ikkje lenger utstyrslager for flyktningar.

Alverhjelpen 365 har overtatt det som er att på lageret.

Nettbasert hjelpeprogram

Trykk her for å lese meir om det nettbaserte sjølvhjelpsprogrammet Refugee self help (youwell.no)

Programmet er for deg som har flykta frå krigen i Ukraina. Du får ikkje oppfølging av helsepersonell i dette programmet, men kan få informasjon, råd og tips om kva som er normale utfordringar i ei vanskelig tid. 


Sist oppdatert: 16.02.2023
Publisert: 14.03.2022