NAV Alver Flyktningetenesta

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for flyktningar som blir busett i Alver kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). Denne gruppa har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Flyktningar som kjem til kommunen utan avtale, har ikkje rett til å delta i introduksjonsprogrammet eller få introduksjonsstønad.

Kva tilbyr vi?

Når du blir busett i Alver kommune, lagar vi ein individuell plan for introduksjonsprogrammet ditt. Planen byggjer på ønska dine og på den kompetansen og arbeidserfaringa du har.

Gjennom programmet får du lære norsk, du får kunnskap om det norske samfunnet og prøve deg i arbeidslivet. Å delta i programmet tar tida til ei vanleg arbeidsveke. Programmet kan vare i to år, og du får økonomisk støtte i heile denne perioden.

Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk ved å arbeide eller med studielån dersom du har bruk for meir utdanning.

Dette får du:

  • tett oppfølging
  • praktisk opplæring i norsk språk og samfunn
  • hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid
  • økonomisk støtte tilsvarande to gongar grunnbeløpet til Folketrygden

Trykk her for å lese om grunnbeløpet til Folketrygden

Korleis får du tilbodet?

Flyktningtenesta ved NAV Alver hjelper med busetting, råd, rettleiing, inntak og deltaking i introduksjonsprogrammet.

Trykk her for å lese meir om introduksjonsprogrammet på heimesida til IMDI.

Har du spørsmål om introduksjonsprogrammet og busetting av flyktningar i Alver?

Ring flyktningetenesta i Alver på 45 83 29 26. Vi svarar på telefonen i vekedagane mandag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00.

Er du allereie ein del av programmet, skal du ha fått eigen kontaktinformasjon hjå oss.

Meir informasjon finn du på IMDI sine sider.

Trykk her for meir informasjon om NAV Alver. 


Sist oppdatert: 16.02.2023
Publisert: 14.02.2023