Ønskjer du å bidra?

Leige ut bustad til flyktningar

Vi skal ta imot 180 flyktningar i 2023, og ønskjer kontakt med personar eller lag som har ledige hus eller leilegheiter.

Vi ber om utleigeprisar som er nøkterne utifrå plassering, standard og storleik.

Vi er primært på jakt etter bustader i gåavtand til butikk og eit busstilbod (både morgon og kveld).

Det er fint om bustaden er møblert, men det går fint om han er umøblert også.

Slik kan du melde ifrå om ledig bustad:

Kva reglar gjeld for utleige av bustad?

Plan- og bygningslova regulerer ikkje utleige av bustad. Rom som allereie er godkjent som opphaldsrom kan både leigast og lånast ut. Også rom i eigen bustad. Du treng ikkje ein nytt løyve for å låne/leige ut desse romma, verken til flyktningar eller andre. Du som huseigar må syte for at det er trygt å bu der, og at standarden er forsvarleg. Det skal vera mogleg å rømme frå minst to plasser (til dømes dør og vindu) og det må minimum være ein røykvarslar per etasje.

Eksempel på kva som er godkjent opphaldsrom er soverom, stove, hobbyrom med meir. Rom som ikkje er godkjent som opphaldsrom er til dømes bod, oppbevaringsrom, teknisk rom med meir.

For areal som ikkje er godkjent til opphaldsrom, men er tilknytt eigen bueining (kjeller og/eller loft) er det forenkla tekniske regler for å få dette godkjent som en utvida del av din bustad, dersom bustaden er oppført før 2011.

For meir informasjon om tekniske krava, sjå her 

Kommunal- og distriktsdepartementet har også mykje nyttig informasjon, sjå her

Har du arbeid til flyktningar?

Ring flyktningetenesta i Alver på 45 83 29 26. Vi svarar på telefonen i vekedagane mandag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00.

Hjelpe på andre måtar?

Når det gjeld innlevering og utlevering av utstyr til flyktningar, så er dette no avvikla og resterande utstyr er levert til Alverhjelpen 365. 

Dette er eit tiltak som er oppretta og drive av frivillige. 

Trykk her for å lese meir om korleis du kan hjelpe gjennom ulike nasjonale hjelpeorganisasjonar.


Sist oppdatert: 20.03.2023
Publisert: 14.03.2022