Beredskap i samband med krigen i Ukraina

Jodtablettar

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite truleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtabletter lagra heime. Hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.

DSA anbefaler at kommunen i tillegg har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Alver kommune har eit lager med jodtablettar, og har bestilt fleire frå Helsedirektoratet. Desse tablettane skal vere tilgjengeleg der born og unge oppheld seg, også på dagtid, som til dømes på skular, i barnehagar og på institusjonar.

Jodtablettar beskytter berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. Då vil det komme anbefalingar i media og via DSA. Statsforvaltaren i Vestland har god informasjon om dette.

Andre tryggleikstiltak

Dersom eit av Ukraina sine atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finne vegen til Norge. Då kan andre tryggleikstiltak verte aktuelle, som at folk blir oppmoda til å halde seg innandørs. I så fall vil det i god tid komme informasjon om tiltak.

Tilfluktsrom

Om du ynskjer å setje deg inn i kvar du finn tilfluktsrom, kan du finne informasjon og kartoversikt her.

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.
NSM anbefaler at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar.

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale medier og på usikre nettsider. Følg generelle råd for datatryggleik.


Sist oppdatert: 14.02.2023
Publisert: 14.03.2022