HeimHelse, sosial og omsorgVelferdsteknologi

Velferdsteknologi

Etter at kommunen starta med velferdssteknologi, har tryggleiksalarm blitt ein del av dette tilbodet. Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan og bidra til å avlaste pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Rådhuset eller send dei til:

Kva kostar det?

Pris velferdsteknologi
Inntekt Månadspris
Inntekt under 2 G* 215 kroner
Inntekt over 2 G* 450 kroner

*G = Grunnbeløpet i folketrygda

Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.

Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.

 Kva får du?

  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell

Krav til søkjar

  • du må bu i Alver kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
  • du må ha tilgang til mobilt nett eller fiber

 Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 27.09.2019