HeimKoronaFakta om falske nyhende

Fakta om falske nyhende

Falske nyhende kan i verste fall føre til mistillit mellom styresmaktene og innbyggjarane, med fare for at folk handlar i strid med viktige råd og retningslinjer knytt til Covid-19-krisa.

DSB har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter». Føremålet er å auke evna kvar enkelt har til å avdekke falske nyhende og annan desinformasjon med potensiale til å skape mistillit til styresmaktene, media og vitskap.

Trykk her for å lese faktaarket.

Tillit til styresmaktene

Noreg er eit av landa i verda som kjem best ut i målingar av kva tillit innbyggjarane har til styresmaktene.

I handteringa av Covid-19-utbrotet er det veldig viktig at folk stolar på informasjon og råd frå styresmaktene. Vi har eit bestemt inntrykk av folk gjer det, men det er likevel mogleg at det kan endre seg. Det kan til dømes tenkjast å skje dersom noko utløyser ekstra sterk uro blant folk, eller set veldig sterke kjensler i sving.

Spreiing av feilinformasjon

For dei som måtte ha eigeninteresse i å spreie feilinformasjon, kan ein usikker tilstand som varer ved gi eit godt høve for det. I den opne trusselvurderinga for 2019 sa PST at i ein del vestlege land har framande etterretningstenester arbeidd systematisk og langsiktig for å svekke tilliten som innbyggjarane har til demokratiske institusjonar og prosessar. Fleire stader har desse tenestene vore involvert i spreiing av desinformasjon, svertekampanjar gjennom sosiale medium og spreiing av rykte eller halve sanningar.

Den uroen som PST gir uttrykk for, vert delt av EU. I samband med Covid-19 krisa har EU publisert ein rapport om dette temaet.

Ver kritisk til det du les!

Eininga for strategisk kommunikasjon i EU (Stratcom East) seier at fleire aktørar medvite brukar Covid-19-krisa til å spreie desinformasjon og så tvil om m.a. evna som EU og WHO har til å handtere krisa. "Nyhenda" som vert presenterte er m.a. at det var USA som framstilte koronaviruset, at Covid-19 eigentleg eit biologisk våpen skapt for å råke Kina og at ein hemmeleg, global elite står bak Covid-19.

Ein vaksine mot falske nyhende, desinformasjon, konspirasjonsteoriar og nettsvindel, er å oppmode folk om å vere kritiske til det dei les og deler på sosiale medium. Det betyr at kvar enkelt av oss i større grad må vere merksame på identiteten og motivasjonen til avsendaren, og slik bidra til å bevare den gode tilliten mellom folk og styresmakter.


Sist oppdatert: 08.04.2020
Publisert: 08.04.2020