HeimKoronaHar du mistanke om smitte?

Har du mistanke om smitte?

Personar med lettare akutt luftvegsinfeksjon skal vanlegvis ikkje testast, heller ikkje etter reise. Dei skal halde seg heime til eitt døgn etter symptomene har gitt seg. Lettare akutt luftvegsinfeksjon kan til dømes vere forkjøling eller vondt i halsen.

Alle med symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime.

Desse personane testar vi

Trykk her for å sjå oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om kven som til ein kvar tid skal testast.

Situasjonen gjer at vi må prioritere. Folkehelseinstituttet rår til at vi testar personar som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller er tungpusta - i prioritert rekkefølgje:

  • Pasientar med behov for innlegging.
  • Pasientar og dei som bur på helseinstitusjonar.
  • Tilsette i helsetenesten med pasientnært arbeid. Dei som har milde forkjølingssymptom skal sjå symptomar an i to dagar før dei eventuelt blir testa.
  • Personar over 65 år som har underliggande, kronisk sjukdom, til dømes hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk.
  • Personar med akutt luftveisinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19.

Ring koronatalefonen for Alver på telefon 56 37 59 00

Koronatelefonen er open:

  • Kvardagar klokka 08.30-15.30.
  • Laurdagar og søndagar klokka 10.00-14.00.
  • I påskedagane frå 9. april til 13. april er telefonen open kvar dag frå 10.00 til 14.00.

Har du symptom på luftveisinfeksjon og treng legehjelp? Ring først og avtal time med fastlege eller legevakt.

Har du tatt ein prøve, men ikkje fått svar?

Ikkje ring koronatelefonen om du berre ventar på prøvesvar!

Helsepersonell tar direkte kontakt med deg når resultatet er klart.

Det tar tid å få svar på prøvane, fordi det er mange som blir testa.

Vi ber om at du er tolmodig!  

Er du i, eller lurar du på om du bør vere i karantene?

Sjå råda frå Folkehelseinstituttet for heimekarantene

Sjå oppdaterte område med spreiing av koronavirus (Folkehelseinstituttet)

Har du spørsmål om koronaviruset?

Meir informasjon om koronaviruset finn du her. 


Sist oppdatert: 03.04.2020
Publisert: 13.03.2020