HeimKoronaTreng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?

Er du under 18 år?

Treng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?

Er du bekymra for eit barn?

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at nokon familiar og barn treng ekstra merksemd. Vi er alle sårbare i ein slik situasjon og for nokon blir denne perioden ekstra vanskeleg.

Har du det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barneverntenesta.

Alle som jobbar i barnevernet har teieplikt.

Slik melder du frå på dagtid på kvardagar

Kontakt barneverntenesta i kommunen:

Slik melder du frå på kveld, i helger og på heilagdagar

  • Ring Alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111
  • Ring politiet på telefonnummer 02800 dersom det gjeld ei akutt alvorleg krise

Alarmtelefonen vil i samtalen med deg vurdere om det er trong for akutt hjelp, gje deg råd og rettleiing og bringe vidare bekymringa di til barneverntenesta i kommunen.

Lurar du på noko?

  • Gå til Helsenorge og Folkehelseinstituttet sine nettsider for oppdatert informasjon: www.helsenorge.no og www.fhi.no
  • Finn du ikkje svar på nettsidene, ring den nasjonale informasjonstelefonen for koronavirus: 815 55 015
  • Du kan også ringe frivilligheita sin koronalinje på 23 12 00 80. Telefonen er open frå klokka 09.00 til 15.00 alle dagar og blir drifta av "Nasjonalforeningen for folkehelsen", "Norske Kvinners Sanitetsforening" og "Landsforeningen for hjerte- og lungesyke".

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.


Sist oppdatert: 25.05.2020
Publisert: 18.03.2020