HeimKoronaKommunale bygg, tenester og aktivitetar

Kommunale bygg, tenester og aktivitetar

Utleige av kommunale bygg

Alver kommune leiger for tida ikkje ut kommunale bygg og eigedomar. Idrettshallar og symjehallar er stengde. Dersom smittesituasjonen ikkje forverrar seg blir det mogleg å leige kommunale bygg frå 20. august. Sjå meir informasjon under.

Det har vore ei eiga ekstra tildeling for mellombels tid i sommar i idrettsanlegga. Idrettshallane opnar for utleige allereie frå 27. juli. Garderobeanlegga vil vere stengde. Er du medlem i eit lag eller organisasjon, og lurer på korleis det blir med treninga di framover? Ta kontakt med eige lag eller organisasjon om du har spørsmål. 

Skal du låne ein hall, må ansvarleg for aktiviteten levere inn sjekkliste for godt smittevern.

Utandørs idrettsanlegg er opne for aktivitet i samsvar med nasjonale smittevernreglar. Det vert ikkje arrangert Open hall for barn og unge i sommarferien.

Alle andre kommunale bygg, garderobeanlegg og symjehallar er stengde for utleige fram til 20. august 2020. Ønskjer du å leige eit rom/anlegg etter 20. august?

Klikk her for å lese meir om utlån og kontaktpersonar for kommunale bygg og anlegg. Ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00 eller send ein mail til post@alver.kommune.no om du ønskjer å leige møterom på rådhuset/kommunehusa.

Det kan ta litt tid før du får svar på førespurnad om utleige av lokale grunna ferieavvikling.

 

Skal du leige eit kommunalt bygg eller møterom? Då må du følgje desse reglane:

  1. Arrangementsansvarleg: Kvart møte/arrangement skal ha ein arrangementsansvarleg. Dette skal normalt vere den som bestiller lokalet.
  2. Oversikt over deltakarar: Arrangementsansvarleg må sjølv sørgje for at gjeldande nasjonale smitteverntiltak vert overhaldne. Hugs å ha oversikt på kven som har deltatt på arrangementet.   
  3. Møtelokale og tal på deltakarar: Arrangementsansvarleg må vurdere om lokalet er stort nok til møtet og kor mange dei eventuelt kan invitere inn. Talet på deltakarar må vere tilpassa kapasiteten i møtelokalet.
  4. Reinhald og smittevern: Følg råda som Helsenorge har om feiringar, samankomstar og arrangement. Arrangementsansvarleg må sørgje for at det er tilgjengeleg hand- og overflatedesinfiseringsmiddel i lokalet.  Arrangementsansvarleg  har ansvar for at kontaktflater som bord, armlene på stolar, click-share, fjernkontroll til projektor og så vidare vert reingjort etter arrangementet.
  5. Registrering: Låner du eit møterom med registreringsskjema på døra, må du sørgje for å krysse av at det har vore aktivitet i rommet.

 

Alver kommune følgjer nasjonale retningslinjer rundt koronaviruset. Om det blir endringar i smittevernråd nasjonalt eller lokalt kan det hende at arrangementet ikkje kan gjennomførast. Alver kommune tar ikkje ansvar for avlysingar.

Innbyggjarservice er ope for publikumskontakt

Måndag 8. juni opnar vi innbyggjarservice for publikumskontakt på Alver rådhus, Frekhaug kommunehus og Manger kommunehus. Opningstidene våre er 8.30-15.00. Innbyggjarservice i Knarvik senter vert ikkje opna før etter sommaren.

Vi er også tilgjengelege på telefon. Ring oss på 56 37 50 00 om du ønskjer å komme i kontakt med Alver kommune.

Plan- og byggjesaksvakta er og stengt for personleg oppmøte, men du kan sende e-post til: planforvaltning@alver.kommune.no og byggesak@alver.kommune.no, eller ringe oss på 56 37 50 00.

NAV Alver er stengt frå 12. mars

Instruks frå Arbeids- og velferdsdirektoratet gjer at NAV Alver er stengt frå 12. mars 2020 og inntil vidare grunna korona-situasjonen. NAV – kontoret er eit offentleg kontor med besøk av mange med kroniske sjukdomar og for å beskytte desse og generelt hindre smittespreiing vil du få hjelp på andre måtar enn fysisk oppmøte. Vi hjelper deg på telefon eller på nett:

  • Ring 55 55 33 33 eller bruk Ditt NAV for kontakt og hjelp
  • Ring 458 39 243 for spørsmål om sosialhjelp - open kl. 08 – 15.30
  • Ring 412 93 026 for hjelp av flyktningtenesta
  • Ring 55 55 33 36 for hjelp til arbeidsgjevarar

Skal du levere post til NAV?

  • Knarvik: NAV sin postkasse i 1. etg i Kvernhushaugane 2. Norbobygget
  • Manger: Postkasse utanfor Innbyggjarservice/kommunehuset
  • Frekhaug: Postkasse utanfor rådhuset ved utgang mot Kiwi

Innbyggjarservice vart stengt for publikum på Manger, Frekhaug og Knarvik frå og med 16.03.20.

Er du arbeidsgjevar og må permittera?

Trykk her for viktig informasjon til arbeidsgjevarar vedrørande permitteringar/oppseiingar

Barnevernet er operativt

Alver barnevernteneste er operativ, men stengt for besøkande i perioden 16.3.–26.3.2020.

Ønskjer du å komme i kontakt med barnevernet? Ring oss på telefonnummer 56 37 50 82, eller ta direkte kontakt med din saksbehandlar/veiledar.

Vi opprettheld akutt beredskap som normalt.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) i Alver kommune har ope onsdagar på Knarvik helsestasjon frå kl. 15.30 til kl. 18. Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom. Hfu vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteførebyggande tiltak. 

Timebestilling kan du gjere på tlf: 916 49 408.

Ønskjer du å komme i kontakt med forvaltningskontoret?

Grunna tiltak for å begrense smitta av Koronavirus har vi inntil vidare ikkje anledning til å ta i mot besøkande.

Brannvesenet er operativt

På grunn av Koronaviruset har Nordhordland brann og redning iverksett fleire førebyggjande tiltak. Den operative beredskapen fungerer som normalt.

Tiltaka du kan komme til å merke er:

  • Det blir ikkje utført feiing og tilsyn i kommunane Alver, Modalen og Austrheim
  • All undervisning og opplæring i skule og barnehage blir utsett
  • Brannstasjonane blir stengte for publikum/besøk. Berre tilsette har tilgang

Vi arbeider kontinuerleg med proaktiv beredskapsplanlegging og nye førebyggjande tiltak som kan bli innført på kort varsel. 

Ved behov for assistanse bruk alltid nødnummer 110.  

Kemnerkontoret er stengt for publikumskontakt

Nordhordland kemnerkontor er stengt for publikumskontakt for å bidra til begrensing av koronasmitte.

Ønskjer du å komme i kontakt med landbrukskontoret?

Grunna tiltak for å begrense smitta av Koronavirus har vi inntil vidare ikkje anledning til å ta i mot besøkande.

Treng du å komme i kontakt med oss på landbruksavdelinga ring eller send oss ein e-post. Her finn du kontaktinformasjon til landbrukskontoret.


Sist oppdatert: 01.07.2020
Publisert: 13.03.2020