HeimKoronaSkular og barnehagar

Skular og barnehagar

Treng du nokon å snakke med?

Synes du og/eller barna dine at kvardagen er vanskeleg og har behov for å snakke med nokon? 

Det finst mange hjelpetelefonar, som særleg rettar seg mot barn og unge:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Mental helse ungdom: 116 123
  • Kors på halsen: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 04 40
  • Rustelefonen: 08588

Trykk her for å gå til lista vår over hjelpetelefonar for alle.

Helsestasjonen for ungdom: 

Helsestasjon for ungdom (HFU) i Alver kommune har ope onsdag 1.april, tysdag 7.april og onsdag 15.april på Frekhaug helsestasjon (i kommunehuset på Frekhaug) frå kl. 15.30 til kl. 18. Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom. Hfu vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteførebyggande tiltak. 

Timebestilling kan du gjere på tlf: 916 49 408.

Kven har rett på tilbod?

Dersom begge føresette har samfunnskritiske jobbar, har du rett til å ha barna i barnehage og skule. Tilbodet gjeld også for eineforsørgarar med samfunnskritiske jobbar.

Har du barn med særskilde omsorgsbehov, som ikkje kan ivaretakast når barnehage og skule er stengt, kan du også ha rett til eit tilbod.

Ta kontakt med rektor på skulen eller styrar på barnehagen din om du fyller eitt av desse kriteria.

Rektor og styrar kan be deg om å levere skriftleg dokumentasjon frå arbeidsgivar, som stadfestar at du har ein jobb med samfunnskritiske oppgåver.

Kva er samfunnskritiske funksjonar?

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • Digital sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektronisk kommunikasjon
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek
  • Reinhald

Les meir om samfunnskritiske funksjonar:

Eksamen er avlyst

Alle skriftlege og munnlege eksamenar for 10. trinn våren 2020 er avlyst. Dette får ingen konsekvensar for elevane sin vidare skulegang.

Skulane skal no prioritere å sikre vurderingsgrunnlag og leggje opp arbeidet slik at elevane kan få standpunktkarakter i alle avgangsfag.

Betaling for SFO- og barnehageplass?

Du skal ikkje betale for SFO og barnehage så lenge det ordinære tilbodet er stengt. Du skal heller ikkje betale om du har ein samfunnskritisk jobb og nyttar deg av det ekstraordinære tilbodet i denne perioden.

Dette gjeld både for private og kommunale skular og barnehagar.

Sidan den betalingsfrie perioden no er fire veker til saman, kjem vi ikkje til å sende faktura for SFO og barnehage i april.

Har du utfordringar med å få betalt? Du kan logge på «min side» via heimesida vår www.alver.kommune.no og søkje om betalingsutsetting. Det vert automatisk innvilga 14 dagar betalingsutsetting når du søkjer via denne sida.

Du kan også kontakte oss på faktura.privat@alver.kommune.no.

Informasjonsskriv

Trykk på lenkene for å lese:

Informasjonsskriv til føresette 25. mars 2020.

Informasjonsskriv til føresette 20. mars 2020.

Informasjonsskriv til føresette 13. mars 2020.

Informasjonsskriv til føresette 2. mars 2020.


Sist oppdatert: 01.04.2020
Publisert: 13.03.2020