HeimKoronaSpørsmål og svar

Spørsmål og svar

Kva er status i Alver når det gjeld smitte?

Her finn du oppdatert informasjon om tal på registrerte smitta

- Alle smitta vert følgd opp etter gjeldande retningslinjer frå nasjonale myndigheiter, og kommunen har starta arbeidet med å kartlegge kontaktar, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Kva blir gjort i Alver?
  • Vi informerer alle tilsette i kommunen, føresette til barn på skular og barnehagar og brukarar og besøkande på sjukeheimar.
  • Vi inviterer alle barnehagar til å vere med på eit rein hand-prosjekt.
  • Vi framskundar tilbodet om kikhostevaksinering, som normalt er eit tilbod til 2. klassingar. No ferdigstiller vi dei som går i 2. klasse og tilbyr i tillegg vaksine til alle 1. klassingar i Alver,
  • Vi oppmodar eldre og andre risikoutsette personar om å ta vaksine mot lungebetennelsebakterien pneumokokkar. Personar med høgast risiko for sjukdom blir prioritert. Lurar du på kven dette er? Les meir på nettsida til Folkehelseinstituttet.
  • Vi følgjer nasjonale retningslinjer når det gjeld stenging av barnehagar og skular med meir.
Korleis snakkar eg med barn om viruset?

Ein del blir redde når dei høyrer om koronavirus. Vi oppmodar difor alle om å søkje faktabasert kunnskap, og snakke med dei som er usikre og har spørsmål, særleg barn og unge. Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om korona. Filmen er retta mot barn, men er like relevant for vaksne.

Trykk her for å sjå informasjonsfilmen om korona.

Kan eg besøke eit familiemedlem som bur på institusjon?

For å verne brukarar mot smitte av koronavirus vert det innført besøksstans ved sjukeheimar og bemanna omsorgsbustader.
Besøksstans til brukar sin leilighet i omsorgsbustad vert basert på dialog med brukar og pårørande.

I særskilte høve kan det gjerast unntak frå besøksstans. Ta kontakt med avdelinga for å avtala.

Kan eg opphalde meg på min fritidseigedom i Alver no?

Trykk her for å lese om hytteforbod og forbod mot overnatting i campingvogn, bubil og fritidsbåt.

Kva gjer eg med faktura frå kommunen?

SFO og barnehage

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet.

Skal eg betale fakturaen med forfall 20. mars?

Ja, vi ønskjer at du betaler fakturaen som allereie er sendt ut.  

Den betalingsfrie perioden vil bli tatt omsyn til på neste faktura.

Har du utfordringar med å få betalt? Du kan logge på «min side» via heimesida vår www.alver.kommune.no og søkje om betalingsutsetting. Det vert automatisk innvilga 14 dagar betalingsutsetting når du søkjer via denne sida.

Du kan også kontakte oss på faktura.privat@alver.kommune.no

Har du fått faktura på andre tenester frå kommunen?

Betal fakturaen som normalt.

Har du betalingsutfordringar, eller har andre spørsmål om fakturaen din?

Søk om betalingsutsetjing på «min side» eller kontakt oss på faktura.privat@alver.kommune.no

Har du andre spørsmål?
  • Gå til Helsenorge og Folkehelseinstituttet sine nettsider for oppdatert informasjon: www.helsenorge.no og www.fhi.no
  • Finn du ikkje svar på nettsidene, ring den nasjonale informasjonstelefonen for koronavirus: 815 55 015
  • Du kan også ringe frivilligheita sin koronalinje på 23 12 00 80. Telefonen er open frå klokka 09.00 til 15.00 alle dagar og blir drifta av "Nasjonalforeningen for folkehelsen", "Norske Kvinners Sanitetsforening" og "Landsforeningen for hjerte- og lungesyke".

Sist oppdatert: 03.04.2020
Publisert: 13.03.2020