HeimKoronaTreng du hjelp til å handle?

Treng du hjelp til å handle?

Må du halde deg heime på grunn av koronaviruset og treng hjelp til varehandel- og levering?

Frivilligsentralane i Austrheim og Alver, saman med Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar går saman og er klare til å bistå. 

Dette kan vi hjelpe deg med

Vi hjelper deg med daglegvarer, apotekvarer og andre naudsynte leveringar.

Ikkje ta kontakt om du har andre personar som kan hjelpe deg med desse oppgåvene.

Slik får du hjelp

Trykk her for å melde inn kva hjelp du treng.

Du kan også ta kontakt med oss på:

Vi svarar på telefonen måndag til fredag mellom klokka 11.00 og 15.00.

Når du tar kontakt med oss på e-post, pass på at du får med namn, adresse, telefonnummer og kva du treng hjelp til.


Sist oppdatert: 01.04.2020
Publisert: 18.03.2020