HeimKoronaEndringar i helsetenesta

Endringar i helsetenesta

Har du time på helsestasjonen eller hos jordmor?

Helsedirektoratet har lagt føringar for helsestasjonsdrift under koronautbruddet, for å begrense smittespreiing.

Helsestasjonane i Alver vil i ei god stund framover ha redusert drift. Alle som får ombestilt /avlyst timen får ein SMS

Det er svært viktig at vi vaksinerer under koronautbruddet, for å unngå at andre sjukdommar skal blusse opp. Helsestasjonen skal vere ein trygg plass å komme til. Vi har stort fokus på hygiene og kjem til å holde noko avstand der det er mulig.

Barn:

  • Oppfølging av nyfødde og vaksinering av dei heilt minste 0-15 mnd
  • Lege vert prioritert til 6 vekers konsultasjonen
  • Barn med spesielle behov


Vi har planlagd drifta slik at de skal sleppe å venta saman med mange på venterommet.

Alle som møter på helsestasjonen må vere friske

  • Ingen som er sjuke uansett årsak skal komme.
  • Ingen søsken skal vere med på helsestasjonen.
  • Dersom mogleg, kun ein vaksen følgjer barnet.

Gravide:

Drifta av jordmortenesta er endra som følgje av den pågåande Koronaepidemien. Endringane er gjort for å minimere risiko for smitte. Konsultasjonane vil bli kortare, og kun dei kontrollane som er heilt nødvendige vil bli utført. Vi støtter oss på råd og anbefalinger frå helsedirektoratet, samt eiga jordmorfagleg vurdering.

  • Fyrste konsultasjon hos jordmor, tidligast i veke 16
  • Gravide frå og med veke 32 prioriterast og skal så langt som råd fylgje oppsett program 
  • Fleire gravide vil få tilbod om telefonkonsultasjon
  • Møte opp til avtalt time dersom du ikkje har hørt noko anna
  • Møte åleine til konsultasjon

Om du trur du er i fødsel eller kjenner mindre fosterbevegelse ta kontakt med innleggelsestelefon for fødane, Kvinneklinikken Haukeland Universitetssjukehus: 55 97 22 00

Ungdom: 

Helsestasjon for ungdom (HFU) i Alver kommune har opent onsdag 1.april, tysdag 7.april og onsdag 15.april på Frekhaug helsestasjon frå kl. 15.30 til kl. 18. Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom. Hfu vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteforebyggande tiltak.
Timebestilling kan du gjere på tlf: 916 49 408.

Barsel og nyfødde:

Jordmor vil som før ringe første virkedag etter at mor og barn er komen heim frå kvinneklinikken for å avtale vidare oppfylging.

Ved spørsmål ta kontakt med jordmor på telefon ved Alver Nærjordmorsenter: 409 07 642
eller Alver helsestasjon: 56 37 50 74 
E-post: helsestasjonen@alver.kommune.no

Redusert kapasitet til ordinære legetimar

Situasjonen kring koronaviruset gjer at legekontora har svært redusert legekapasitet til ordinære legetimar. Vi oppfordrar til at pasientar avbestiller legekontrollar og undersøkingar som kan vente. 

Ingen med luftveisinfeksjon skal møte opp på legekontoret utan å først ha gjort avtale.

Ordinære timar kan bli avlyste eller utsette. Legekontoret vil sende ut melding til dei det gjeld. Vi ber publikum om å benytte telefon og e-konsultasjon via helsenorge.no. Fleire av legane riggar nå moglegheit for videokonsultasjon, men dette tilbodet er for tida variabelt.

Blodprøve vert berre teken etter avtale. Dersom det er tvil om kva som er «avtalt blodprøve» - ta kontakt på e-portalen eller på telefon.

Akutt sjuke MÅ RINGE på førehand. Dei skal ikkje møte opp på legekontoret utan avtale. Ved akutt behov for legehjelp ring 116 117 eller om det hastar og står om liv ring 113.

Besøksstans ved sjukeheimar og bemanna omsorgsbustader

For å verne brukarar mot smitte av koronavirus vert det innført besøksstans ved sjukeheimar og bemanna omsorgsbustader.
Besøksstans til brukar sin leilighet i omsorgsbustad vert basert på dialog med brukar og pårørande.

I særskilte høve kan det gjerast unntak frå besøksstans. Ta kontakt med avdelinga for å avtala.

Søknad om helse- og omsorgstenester

Helse og omsorg må gjere tilpassinger i tenesta som følge av koronapandemien. Vi oppmodar innbyggjarar om å kun ta kontakt ved søknader/henvendelsar om naudsynt helsehjelp. Dersom andre henvendelser kan vente, så er vi takksame for det.

Vi presiserer at det vert gjort ei individuell helse- og omsorgsfagleg vurdering av alle søknader og andre henvendingar til kommunen. Alle som treng helse- og omsorgstenester vil få dette, anten i heimen eller i sjukeheim/ institusjon


Sist oppdatert: 30.03.2020
Publisert: 17.03.2020