HeimKultur og aktivitetDen kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle elevar, både i grunnskule og vidaregåande skule, får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet. Gjennom ordninga skal elevane få tilbod om ulike kunst- og kulturuttrykk som scenekunst, visuell kunst, musikk, film, litteratur og kulturarv. 

Ordninga er todelt:

  • Kommunal del der kommunane bestemmer innhaldet/tilboda til skulane.
  • Turnear som skulane får tilbod om frå Vestland fylkeskommune

Plan for den kulturelle skulesekken

Alver kommune er i gang med å laga plan for Den kulturelle skulesekken. Planen skal vera ferdig i god tid før skuleåret 2020/2021.

Kontakt

Det er avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit som koordinerer arbeidet med Den kulturelle skulesekken i Alver kommune.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019