Ung i Alver

Om avdeling ungdom, fritid og medverknad

I Alver er det oppretta ei avdeling for ungdom, fritid og medverknad, som skal arbeide for og med ungdom. Avdelinga skal arbeide for at unge i Alver skal ha ein kjekk og trygg oppvekst, drive rusførebyggjande tiltak og arbeide for at det finst eit allsidig fritidstilbod for ungdom i kommunen.

Avdelinga består av avdelingsleiar, ungdomskoordinatorar og fem ungdomsklubbar. Det vert fokus på å arbeide saman med ungdom, der medverking står sentralt. Avdelinga skal arbeide med drifta og utviklinga av ungdomsklubbar, UKM (ung kultur møtast), MOT og Alver ungdomsråd. Avdelinga samarbeider tett med andre som arbeider for og med ungdom, og mot frivillig sektor.

I Alver er det fem ungdomsklubbar. Lindås ungdomsklubb i Lindåshallen, Kraften i Alversund, Radøy ungdomsklubb på Manger, Entry på Eknes og Frekhaug Ungdomsklubb på Frekhaug. Ungdomsklubbane har som mål å fange opp uorganisert ungdom og gje dei eit tilbod på fritida. Klubbane har ulike opningsdagar og opningstider og er for ungdom i alderen 8. klasse - 3.VGS. Nokre av klubbane har også juniorklubb og/eller arrangement for born.

Avdelinga arrangerer kurs og store arrangement for ungdom. Avdelinga samarbeider også med Austrheim ungdomsklubb med å arrangere temafester og utfluktar i skuleferiar for ungdom under namnet LARM. Avdelinga har eit stort fokus på å arrangere ulike tilbod både for born og ungdom i skuleferiar på sentraliserte og desentraliserte plassar. Avdelinga er aktiv på sosiale medium. 

Tilsette på avdelinga

Administrasjonen:

Ungdomsklubbar:

Lindås ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Renée Semmingsen 
  • Klubbarbeidar: Lena H. Hindenes

Entry:

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Kiriya Moenkrathok

Radøy ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Katarina Birkeland

Frekhaug ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad

Kraften ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Mariann Rognaldsen
  • Klubbarbeidar: Meri Monica Heggernes
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
Lindås ungdomsklubb

Lindås ungdomsklubb er ein nyoppretta klubb i Lindåshallen. Klubben har eit eige lokale i 2. etasje. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Lindås ungdomsklubb har eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse. Aldersgruppe er 8. klasse til 3.VGS. 

Klubben vil ha open annankvar onsdag (partalsveker) mellom klokka 18.00 og 21.00, og fredag (oddetalsveker) mellom klokka 19.00 og 22.30. Enkelte klubbkveldar vil hallen nyttast til open hall. Klubben vil også ha aktivitetar i skuleferiar.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar kort og kontant
  • gaming
  • gjere lekser
  • brettspel
  • aktivitetar i hallen 

Du kan og følgje ung i Alver på facebook og på instagram for oppdateringar om ungdomstilbod i kommunen. 

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Renée Semmingsen
  • Klubbarbeidar: Lena H. Hindenes

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Entry

Entry ungdomsklubb er på lokalisert på Eknes. Klubben er open kvar onsdag frå klokka 17.30 til 21.00. Aldersgruppa er 8. klasse til 3.VGS. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Klubben har eit stort lokale, som gir rom for eit breitt utval av ulike aktivitetar. 

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar kort og kontant
  • diskotek/dans
  • airhockey
  • bordtennis
  • balansebrett
  • brettspel
  • ulike arrangement
  • gjere lekser

Klubben vil ha aktivitetar i skuleferiar. Klubben arrangerer også juniorklubb eit par gonger i halvåret. Tidspunkt for juniorklubb og arrangement for dei yngste vert publisert på facebook sida "Ung I Alver" eller på Entry si side på facebook og instagram.

Adresse til lokalet er: Eidavegen 80, 5913 Eikangervåg

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Kiriya Moenkrathok

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt med avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Radøy ungdomsklubb

Radøy ungdomsklubb er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse - 3.VGS. Det er fast klubbkveld kvar torsdag mellom klokka 14.20 og 21.00. Klubben er i ungdommens hus, på tribuna i Radøyhallen på Manger. Klubben har open hall frå klokka14.20-19.00 på klubbkveldane. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar kort og kontant
  • diskotek/dans
  • badminton
  • hoppemadrass
  • ballspel
  • brettspel
  • ulike turneringar
  • gjere lekser

Klubben har spelkveld kvar tysdag mellom klokka 18.00 og 21.00 med spelet magic the gathering. Klubben driv og med større arrangement og aktivitetar som open hall i skuleferiar for born. Klubben arrangerer også ulike kurs for ungdom, og store arrangement som volleyballturneringar. Om sommaren og våren er det uteklubbar ved Nesvatnet (bak Radøyhallen), der klubben har utstyr som til dømes supbrett, kajakk, kano, vanntrampoline, hamsterhjul, strandvolleyball, fotball.
Radøy ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse. 

Klubbstyret for 2019-2020 er:

  • Ungdomsskule: Heidi Røynstrand Kolås, Keyla Estefania Grindheim, Karen Margrethe Frantzen, Trine Toska, Jone Grindheim, Ragna Åsheim Fineid og Lily May Farrow
  • Vgs: Jakub Stasiak (leiar) , Ingeborg Hole (nestleiar) og Adrian Sulen Floen                
  • Frivillig over 18 år: Sandra Morken Reigstad             
  • Klubbleiar: Katarina Birkeland

Adressa til klubben: Idrettsvegen 13, 5936 Manger

Trykk her for å følgje Radøy Ungdomsklubb på facebook

Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben 

  • Klubbleiar: Katarina Birkeland

Har du spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Frekhaug ungdomsklubb

Frekhaug ungdomsklubb er ein ungdomsklubb for ungdom i målgruppa 8. klasse til 3. VGS. Klubben held til i 2. etasje på Frekhaug senter. Klubben har aktivitet kvar onsdag mellom klokka 18.00 og 21.00. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Frekhaug ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser. Leiar i klubbstyret er Ling Michelle Aadahl og nestleiar er Tobias William Meyer Bogen.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • gaming
  • sjå film
  • høyre på musikk
  • spele biljard
  • ulike turneringar
  • gjere lekser             

Klubben arrangerer også aktivitetar og utfluktar for ungdom i skuleferiar.
Adressa er: Havnevegen 3, 5918 Frekhaug.

Frekhaug ungdomsklubb får nytt lokale i starten av 2020, på Meieriet. Bygget er under ombygging, og skal nyttast til ei rekke ulike kulturtilbod. I andre etasje får klubben sitt eige lokale. Nytt klubbstyre skal veljast når Meieriet er opna.

Trykk her for å følgje Frekhaug ungdomsklubb på facebook

Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad
  • Klubbarbeidar: Ikkje bestemt

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Kraften ungdomsklubb

Kraften ungdomsklubb er eit gratis aktivitetstilbod for barn og ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Målgruppa er uorganisert ungdom i alderen frå 8. klasse til 3. VGS. Klubben har aktivitet for born på juniorklubb og aktivitet i skuleferiar.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • Fotballspel
  • Biljard
  • airhockey, bordtennis
  • gaming
  • brettspel
  • diskotek og dans    
  • ulike aktivitetar som til dømes quiz
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar kontant og kort
  • hobby/forming  

Ungdomsklubben er open torsdagar mellom klokka 17.00 og 22.00.
Juniorklubben har klubb for 4. - 7. klasse kvar tysdag mellom klokka 17.00 og 20.30.

Adresse: Kyrkjevegen 64, 5911 Alversund

Trykk her for å følgje Kraften ungdomsklubb på facebook

Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Mariann Rognaldsen
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
  • Klubbarbeidar: Meri Monica Heggernes

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Larm- store arrangement

Avdelinga ungdom, fritid og medverknad arrangerer store arrangement for ungdom i alderen 8. klasse til 1.VGS, til dømes halloweenparty, juleball, neonparty og valentinesparty. Alle klubbane er involvert i arrangementa. Avdelinga samarbeidar med Austrheim ungdomsklubb. På arrangementa er inngangsbilletten sett til kroner 100,-. 
Billettar må kjøpast på nett gjennom Tikkio eller på dei ulike klubbane. Informasjon om arrangementa og sal av billettar blir publisert på sosiale medium på UNG i Alver. 

Alle arrangementa er rusfrie og føresette vert kontakta dersom situasjonar skulle oppstå. Arrangementa finn stad i ulike kommunale bygg, og flyttar rundt i kommunen og på Austrheim. Innimellom kan avdelinga tilby buss heim for kroner 50,-. 
Ungdom kan delta som ungdomsvaktar på arrangementa ved å melde si interesse til ein av arrangørane. Som ungdomsvakt er ein til dømes med på å pynte, gjennomføre og rydde etter arrangementa. 

Arrangementa vert publisert kvart halvår i januar og i august.
For å arrangere store arrangement er avdelinga avhengig av frivillige over 20 år, og føresette som ynskjer å hjelpe til som vakt.

Har du lyst å vere vakt eller har spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar katarina.birkeland@alver.kommune.no

Aktiv skuleferie for born

Informasjon om aktiv skuleferie for born vil du finne her så snart den er klar.

UKM- Ung kultur møtast

Avdelinga arrangerer UKM- ung kultur møtast ein gang i året. Arrangementet er eit samarbeid mellom Alver, Austrheim, Fedje og Masfjorden.
UKM Nordhordland vert arrangert på Leiknes skule laurdag 1. februar.
Ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på arrangementet før 16. januar på ukm.no.

Det er gratis å delta, og ungdom kan delta med det meste. Ein kan til dømes delta med song, band, litteratur, kunst, konferansier, dans, triksing, stand up og mykje meir.

Ei ungdomsgruppe med unge arrangørar er med på å planlegge og gjennomføre mønstringa. På denne måten er UKM av og for ungdom.

Det er gratis og sjå på, og publikum er velkommen. Programmet vert publisert 1-2 veker før mønstringa på UKM.no og på sosiale media.

Trykk her for å følgje UKM Nordhordland på Facebook 


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019