HeimKultur og aktivitetFrivilligsentralane

Frivilligsentralane

Kva er ein frivilligsentral?

Ein frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og det frivillige. Den skal hjelpe lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å arbeide saman for å skape lokale møteplassar.

Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralane å vere ein medhjelpar til dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske i kommunen vår.

Frivilligsentralane kan mellom anna:

  • Hjelpe lag/organisasjonar med å søkje om midlar frå det offentlege.
  • Legge til rette for deg som ønskjer å skape gode tilbod i ditt nærmiljø. Kom til oss med din idé!
  • Arbeide for samhandling på tvers av grupper og område.
  • Rettleie deg som ønskjer å bidra med frivillig innsats.
  • Rettleie deg som ønskjer hjelp frå frivillige.
  • Hjelpe deg å nå ut til lag/organisasjonar med informasjon.

Dei tre sentralane i Alver har som mål å vere tett på lokalsamfunna, og kvar sentral driftar ulike arrangement ut i frå lokale initiativ og behov.

Frivilligsentralane i Alver

Frivilligsentralen på Frekhaug

Trykk her for å gå til facebooksida til frivilligsentralen på Frekhaug

Besøksadresse

Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug 

Kontaktperson

Nina Randal, dagleg leiar
Telefon: 56 17 10 66 eller 412 45 661 
E-post: nina.randal@alver.kommune.no

Frivilligsentralen i Knarvik

Trykk her for å gå til heimesida til frivilligsentralen i Knarvik

Besøksadresse

Nordhordlandshallen, inngang frå hovudinngang.
Kvernhushaugane 24, 5914 Isdalstø.

Kontaktperson

Per Ole Ekker, dagleg leiar
Telefon: 56 37 51 54 eller 995 54 540
E-post: per-ole.ekker@alver.kommune.no

Frivilligsentralen på Manger

Trykk her for å gå til heimesida til frivilligsentralen på Manger

Ønskjer du hjelp frå frivillige?

Frivilligsentralen har knytt til seg ei rekkje frivillige. Desse bidrar mellom anna til middagskøyring til heimebuande eldre, kulturtime på Velferdssenteret, besøks- og følgjeteneste og pensjonisttreff. Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.

Middagskøyring til heimebuande

Kvar dag, året rundt, kjører tre frivillige ut varm middag til heimebuande eldre. Middagen vert levert frå Radøy matsørvis på Velferdssenteret.
Ta kontakt med heimetenesta, Radøy matsørvis eller Frivilligsentralen for meir informasjon.

Kulturtime på Velferdssenteret

Kvar onsdag inviterer vi til hyggjetreff på Velferdsenteret. Vi samlast i Storstova på avdeling D mellom klokka 10.30 og 11.45. På programmet har vi musikk, sitjedans, felles song og hyggjeprat.

Helsetur

Frivilligsentralen arrangerer kvart år, i samarbeid med Vitaltour, feriereiser til Kypros. Målet med desse turane er å gje dei reisande ein tur der helse, trivsel og tryggleik er i fokus. Sosialt samvær med morgontur, utflukter, soling på stranda, seniordans, underhaldning og bingo er ein del av aktivitetane.Vil du vere med på tur, ta kontakt med frivilligsentralen.

Pensjonisttreff

Fyrste måndag i månaden inviterer Eldrerådet og Frivilligsentralen til temadag i Prestegarden. Kaféen opnar klokka 10.00, med sal av kaffi og rundstykke. Her kan ein kome inn og slå av ein prat og lesa dagens aviser.
Mellom klokka 10.30 og 12.30 har vi eit særskilt tema som vert tala om. Informasjon frå rådmann er ein av programpostane. I tillegg har vi allsong og kanskje kjem det nokon og opptrer for oss, til dømes songgruppa frå LHL med fleire.

Kvar tysdag mellom klokka 10.30 og klokka 12.30 er det pensjonisttreff i Prestegarden. Her møtest 15-20 pensjonistar til sosialt fellesskap, kaffi, prat og bingo. Nokre gonger vert det arrangert turar eller andre aktiviteter

Torsdagar mellom klokka 11.00 og klokka 13.30 er det pensjonisttreff i Prestegarden. Då samlast heimebuande eldre til felles hyggjestund og ein god middag. Dersom du skal ha middag, må du møte før klokka 11.30. Middagen startar klokka 12.00. Maten vert levert frå Radøy Matsørvis.

Aktivitetane vert omtalt i lokalavisene laurdagen på førehand og er opne for alle pensjonistar. Inga påmelding.
Dersom du har forslag eller ynskje om eit anna tilbod - ta kontakt!

Ønskjer du å bidra som frivillig?

Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.

Ønskjer du hjelp frå frivillige?

Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.

Besøksadresse

Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 Manger

Kontaktperson

Birthe K. Bjørstad, dagleg leiar
Telefon: 56 34 90 30 eller 979 71 215
E-post: birthe.krakenes.bjorstad@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019