Kino

Bygdekinoen på Manger

Bygdekinoen har filmframsyningar i kinosalen i rådhuset på Manger annankvar søndag med unntak av sommarferien og heilagdagar. Det er Alver kommune som er oppdragsgjevar for bygdekinoen på Manger.

Kinoprogrammet vert lagt ut på Bygdekinoen sine nettsider.  

Bygdekinoen på Lygra

Bygdekinoen har filmframsyningar på Lyngheisenteret annankvar onsdag med unntak av feriar og heilagdagar. Det er Lyngheisenteret som er oppdragsgjevar for bygdekinoen på Lygra. 

Kinoprogrammet vert lagt ut på Bygdekinoen sine nettsider.  

Nyheim kino

Lagshuset Nyheim viser kino på Fammestad i Lindås kvar søndag (19:30), i tillegg til barnefilm med varierande tidspunkt. Filmane vert ofte vist på premieredagen.

Programmet vert lagt ut på Nyheim kino si Facebook-gruppe.


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 15.11.2019