HjemKultur og aktivitetKulturminnevern og museumInformasjon til eigarar av kulturminne

Informasjon til eigarar av kulturminne

Er du eigar av eit verneverdig kulturminne? 

Eit kulturminne kan vere verna gjennom kulturminnelova (freding) eller gjennom planverket til kommunen. Nokre kulturminne kan også vere verneverdige sjølv om dei ikkje er registrerte hjå kommunen.

Fram til Alver kommune får ein eigen kulturminneplan, er det ulike reglar som gjeld tiltak på alle kulturminna som ikkje er freda i dei tre kommunane: 

  • Radøy: Retningsliner og verneklassar i kulturminneplan for Radøy kommune 2017-2027(vedlegg) skal leggjast til grunn ved tiltak på eksisterande bygg, i kulturmiljø og kulturhistorisk landskap. Kommunal kulturminnestyresmakt skal varslast og har uttalerett i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø i verneklasse A til D, samt for ein kvar bygning eldre enn 1920. Objekt i verneklasse A har fått omsynssone i kommuneplanen. Andre kulturminne kan ha vern gjennom føresegnene i kommuneplanen.  
  • Lindås: Lindås kommune har kulturminneplan for perioden 2011-2021. Kulturminneplanen peiker på nokre viktige kulturminne i kommunen - dei fleste i offentleg eige. Ein del kulturminne er har fått omsynssone i arealplanar. Den indre farleia og postvegen er blant desse. 
  • Meland: Meland kommune hadde ikkje kulturminneplan. Ei rekkje kulturminne- og kulturmiljø er verna gjennom omsynssone i arealplanar og i kommuneplanen. 

Tilskotsordningar

Kommunalt tilskot

Tilskotsordninga for Istandsetjing av verneverdige kulturminne skal bidra til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andre typar kulturminne i Alver kommune i privat eige. Kulturminne som er prioriterte i kulturminneplan og verneverdige kulturminne som ligg i omsynssone for kulturminne skal normalt prioriterast. Restaureringa skal skje i tråd med antikvariske prinsipp og i dialog med kulturminneansvarleg i Alver kommune. 

Neste søknadsfrist er 15. november 2023. 

Søknadsskjema

Tilskot til verneverdige kulturminne (Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune deler ut midlar til verna kulturminne. Søknad skal sendast Alver kommune innan 15. januar. Les meir på Vestland fylkeskommune sine nettsider. 

Søknadsskjema

SMIL-tilskot

SMIL-ordninga skal mellom anna bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Alver kommune deler kvart år ut SMIL-midlar mellom anna til kulturminne. Det er berre føretak som har rett på produksjonstilskot som kan søkja. 

Ta kontakt med Landbrukskontoret for meir informasjon.

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond gjev tilskot til istandsetjing av alle typar kulturminne. Søknadsfrist heile året. 

For meir informasjon, sjå kulturminnefondet sine nettsider. 

Uni-stiftelsen

Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna verneverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.  

"Ta et tak"

«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. 

Les meir på Norsk kulturarv sine nettsider

Råd og rettleiing for eigarar av kulturminne

Kulturverntenesta i Nordhordland gir råd og rettleiing om korleis ein kan ta vare på kulturminna vi har kring oss og korleis vi kan formidle kunnskapen om desse vidare til andre. Dei bidrar med hjelp til å utarbeide restaureringsplanar, kostnadsoverslag og til skriving av søknader. Denne tenesta er gratis for private grunneigarar i Alver kommune. 

Ta kontakt med Kulturverntenesta i Nordhordland ved Arild Sætre
telefon: 95 04 87 05 eller på e-post arildsaetre@muho.no.


Bygg og Bevar er ei nettside der du finn informasjon om korleis gamle hus bør haldast vedlike og setjast i stand i tråd med alderen på bygget, konstruksjon, materialbruk, stil og lokal eigenart. Bygg og Bevar er et samarbeidsprosjekt mellom Klima og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening.

Kontakt


Sist oppdatert: 19.12.2022
Publisert: 13.11.2019