Sommaropne museum
Bogatunet
Bogatunet er namnet på eit tun frå 15-1600 talet som er teke godt vare på. Det samanbygde huset syner trekk frå mellomalderbyggeskikk i det nordatlantiske kulturområdet. Huset inneheld eldhus, røykstove, bu med loft og glasstove. På veggane i stova, er det pynta med kroting. Løa er ei grindverksløe frå slutten av 1800-talet som er flytta frå Sævdal og sett på grunnane etter løa som sto på Bogatunet.
På Bogatunet er det i sommar tilbod om omvisning, og aktivitetar som stylter, ringkast, bygging med laftebygg, film om Bogatunet m.m.
Det er i tillegg følgjande aktivitetarpå Bogatunet i sommar:
16. juli: ulike handarbeidsaktivitetar ved Nordhordland husflidslag
6. august: slåtten ved Radøy sogelag
13. august: kipebinding ved Magnus Kvingedal
Holmestova og sjøbua
Holmestova frå kring 1568 er ein stovebygning lafta av særs fint tømmer og ligg der det gamle fellestunet på garden Holme låg. Nede ved sjøen, på Holmeknappen har det vore gjestgjeveri attende til 1700-talet og sjøhus for gardane i området. Etter kvart kom det dampbåtkai og Holmeknappen vart ein sentral plass i denne delen av Meland, med blant anna postopneri og meieri. I dag kan ein oppleve blant anna museum i den gamle sjøbua, galleri, flott naustmiljø og landhandel.
I Holmestova er det i sommar tilbod om omvisning, og ulike aktivitetar som stylter, ringkast og du kan prøva å laga din eigen snurrebass med navarar frå smia på Fosse. Det er også høve til omvisning i sjøbua. For å koma inn i sjøbua må ein venda seg til guidane i Holmestova.