Kulturskulen

Kulturskulen har vedteke å utvide søknadsfristen til 1. mai grunna Korona-situasjonen, kulturskulen opprettheld undervisninga i denne perioden via internett.

Alver kulturskule tilbyr undervisning i musikk, teater, dans og visuell kunst for barn og unge. Tilbodet er desentralisert, med tyngdepunkt i Knarvik, på Frekhaug og Manger i tillegg til barneskular over heile Alver. Alle fag er tilgjengelege og søkbare for barn og unge i heile kommunen.

Alver Kulturskule er ein unik arena for kulturelle uttrykk, der barn og unge får høve til å utvikle kreativitet anten dei ønskjer å lære dans, drama/teater, teikne, male, synge, spele eit instrument eller i band.

I kulturskulen blir eleven sine kognitive og motoriske evner styrka, ein får nye vener og ikkje minst – kunstneriske evner er lett å ta med seg og gir livslang glede. Vi gler oss til å møte deg!

Undervisningstilbod

Kjerna i kulturskulen er å gi opplæring, opplevingar og formidling innan dei fire kunstfaga musikk, dans, drama, og visuell kunst.

Ein del av undervisninga går føre seg i grupper.

Våre fag

  • song
  • piano
  • kyrkjeorgel
  • gitar
  • bass
  • slagverk
  • band
  • fiolin
  • bratsj
  • drama/teater
  • trekkspel
  • fløyte
  • klarinett
  • kultursirkel
  • musikk og leik
  • musikk frå første stund
  • kammermusikk
  • musikkterapi individuell/gruppe
  • samspel for elevar med særskilde behov
  • messinginstrument
  • dirigentar til korps og kor
  • dans
  • musikkproduksjon

Slik søkjer du

Kulturskulen har sitt eige, nettbaserte system for søkjarar. Alle søkjarar får brukarnamn og passord til si eiga side i systemet. Dette gjeld også for dei som hamnar på venteliste.

Før du opnar søknadsskjemaet, kan du merkje deg at:

  • Du må fylle ut søknadsskjemaet saman med mamma, pappa eller ein føresett.
  • Du må ha personnummeret til både eleven og den føresette for handa.
  • Familiemoderasjonen slår berre inn når ein og same føresett er betalar for alle i familien.
  • Alle elevar ved kulturskulen får halde på plassen ved ny sesong, men dette skjer ikkje automatisk. For kvart skuleår må foreldre og føresette logge seg inn og re-registrere plassen. Dette betyr at du aktivt må stadfeste at du vil halde på plassen din.
  • Når du re-registrerer søknaden din er fødselsdato til eleven brukarnamn. Passord har du fått på e-post. Har du gløymt passordet? Trykk på "gløymt passord" for å få tilsendt eit nytt.
  • Alle som søkjer, kjem automatisk på venteliste. Du som står på venteliste, må også registrere søknaden din på nytt.
  • All kommunikasjon i det elektroniske søknadssystemet vårt, skjer på e-post og tekstmelding.
  • Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai/juni kvart år.

Søkjer du for første gong?

Trykk her for å registrere søknaden din. 

Kva kostar det?

Prisar

Satsar for Alver kulturskule våren 2020

Per semester (½ år) Kroner
Ordinær elevkontingent 1.700,-
Undervisning i grupper 1.700,-
Leige av instrument/forsterkar

300,-

Ein får 25% søskenrabatt for barn nummer 2 og 50% for barn nummer 3 og 4, og så vidare.

OBS: Familiemoderasjonen slår først automatisk inn når ein og same føresett søkjer, og er betalar for alle i familien. Merk at dette berre gjeld for våren.

Om ein elev har fleire fag i kulturskulen så gis det automatisk 25% rabatt for fag 2 og 3, og så vidare.

Redusert eigenandel

Ein kan søkje om 50% rabatt av eigendel dersom husstanden har samla inntekt på under kr 548 500,- per år, denne ordninga er avgrensa til 30 husstandar per år.

Frå skuleåret 2020-21 vil nye retningsliner gjelde.

Trykk her for søknadsskjema for redusert eigenandel

Påmelding

Påmeldinga er bindande. Du får ei rekning i posten per semester.
Har du re-registrert søknaden din men ikkje møter, må du betale for heile semesteret.

Aldersgrense

Kulturskulen er eit tilbod til born og unge i alderen 0 til 20 år.
Barn, unge og vaksne med særskilte behov, er det inga aldersgrense for.

Kan eg få fleire tilbod?

Ja du kan søke fleire tilbod

Må eg ha instrument?

Vi ventar at elevar som skal lære å spele eit instrument, skaffar seg eitt sjølv, eller leiger dette av kulturskulen.

Får eg fortsetje?

Ja, normalt får alle som har starta på eit tilbod halde fram, men alle som ønskjer å fortsetje på kulturskulen må re-registrere søknaden sin. Kva dette inneber og korleis du gjer dette, kan du lese meir om under "Slik søkjer du".

Re-registrering

Har du plass på kulturskulen, og ønskjer å fortsetje? Sjå fristar for re-registrering og utmelding lengre nede på sida.

Trykk her for å re-registrere søknaden din på nytt.

Utmelding

  • Ønskjer eleven å slutte på tilbodet/faget i kulturskulen neste skuleår (20/21) så MÅ eleven melde seg ut av tilbodet gjennom speedadmin. Utmeldingsfrist er 1. april.
  • Dersom eleven ikkje er utmeld eller for sein, vert eleven fakturert for haustsemesteret, sjølv om han ikkje deltek i tilbodet. Fakturaen kjem før sommaren.
  • Om eleven ombestemmer seg i løpet av sommaren eller haustsemesteret, vert neste semester rekna som påbyrja, og eigenandel vert fakturert.
  • Merk: Oppseiinga av elevplassen er gyldig når den er stadfest i e-post frå kulturskulen.
  • Oppseiing til lærar er ikkje gyldig oppseiing.
  • Frå 1. mars til 1. april er det ope for utmelding av elevplass gjeldande frå og med neste skuleår.

Fristar for re-registrering og utmelding

  • 1. april: Re-registrering og utmelding. Dette gjer du på Speedadmin. Vi opnar for re-registrering 1. mars.

Permisjon

  • Ein elev kan søkje om permisjon på følgjande grunnlag:
  • Om eleven og/eller familien midlertidig flyttar ut av kommunen (til dømes grunna studieopphald, jobb).
  • Ved langvarig sjukdom.

Søknad må sendast på e-post til kulturskulen.Dei som får innvilga permisjon blir sett tilbake på ventelista.

Refusjon

Du kan søkje om, og har krav på, refusjon dersom kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn fire undervisningsdagar per halvår.
Du må ikkje betale for resten av semesteret, om du flyttar til utlandet eller ein annan kommune.

Tap av elevplass

  • Kulturskulen kan seie opp elevplassen dersom eleven:
  • Gjentekne gangar har ugyldig fråvær.
  • Ikkje viser tilstrekkeleg interesse og eigeninnsats.
  • Viser åtferd som er til hinder for undervisinga.
  • Ved manglande innbetaling av eigenandel.

Skulen følgjer ei felles prosedyre for alle slike saker.

Reglement

Vi følgjer skuleruta, og legg opp til 36 veker med undervisning.
Når det gjeld undervisningstid, er hovudregelen at:

  • Ein elev skal ikkje ha mindre enn 20 minutt undervisning per veke.
  • To elevar skal ikkje ha mindre enn 30 minutt undervisning per veke.
  • Tre eller fleire elevar skal ikkje ha mindre enn 40 minutt undervisning per veke.
  • For dans, drama og teater og visuelle kunstfag, gjeld eigne reglar. Denne undervisninga kan variere i lengde, og skjer i faste grupper.

Trykk her for å sjå kulturskulen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Rammeplan for kulturskulen

Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.


Sist oppdatert: 18.06.2020
Publisert: 21.01.2019