Tilskotsordningar og stipend
Prosjektstøtte til mindre prosjekt som oppstår på kort varsel
"Kjapt svar" - løpande søknadsfrist
Ordninga gjeld nyskapande, kreative mindre prosjekt som oppstår på kort varsel og som ikkje er ein del av normal drift og aktivitet. Det kan tildelast opp til kr 10 000 på delegert vedtak, og søknadsfrist er løpande.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Idrett og friluftsliv
Tilskot til drift og aktivitet i idrettslag og friluftsorganisasjonar – frist 1. mars
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i idrettslag og friluftslivsorganisasjonar. For idrettslag vert tildelinga vert basert på medlemstal frå idrettsregisteret. Dersom laget ikkje er registrert sentralt, må dokumentasjon på medlemstal følgje søknad.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Anders Olav Dale
Rådgjevar idrett
E-post: anders.olav.dale@alver.kommune.no
Telefon: 46 44 87 11
Tilskot til drift og vedlikehald av større ordinære idrettsanlegg i privat eige – frist 1. mars
Ordninga gjeld større ordinære idrettsanlegg i privat eige, for organisert idrettsleg aktivitet og konkurransar. Tilskota utarbeidast etter framarbeidd vektingsnøkkel og definert anleggsliste Tilskota skal støtte oppunder heilskapleg anleggsutvikling og sørgje for føreseielege vilkår for idretten
Søknad skal sendast på e-post eller per post til kommunen. Søknaden skal innehalda informasjon om laget og ei oversikt over anlegga laget eig. Sist godkjende rekneskap og årsmelding, og budsjett for inneverande år skal leggjast ved.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Anders Olav Dale
Rådgjevar idrett
E-post: anders.olav.dale@alver.kommune.no
Telefon: 46 44 87 11
Tilskot til nærmiljø- og friluftslivsanlegg i privat eige – frist 1. mars
Ordninga skal støtte mindre anlegg for eigenorganisert aktivitet og friluftslivsaktivitetar. Ordninga kan gjelde som periodiske satsingar. Ein kan ikkje få tilskot til reine leikeplassar.
Søknad skal sendast på e-post eller per post til kommunen. Søknaden skal innehalde informasjon om søkjar, informasjon om anlegget som skal byggjast, budsjett og finansieringsplan. Godkjend rekneskap og årsmelding for laget skal leggjast ved, samt budsjett for inneverande år.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Anders Olav Dale
Rådgjevar idrett
E-post: anders.olav.dale@alver.kommune.no
Telefon: 46 44 87 11
Tilskot til friluftslivstiltak - løpande frist
Ordninga skal støtte tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter på delegert vedtak. Det skal liggje føre ein skriftleg avtale med grunneigar der tilrettelegginga skal gjerast. Standard avtale om tilrettelegging og merking av turstiar skal nyttast. Det bør også liggje føre ein avtale om vedlikehald av stien på minst fem år.
Ta kontakt om du ynskjer å søkja på denne ordninga:
- Bente Kopperdal Hervik
Rådgjevar kultur
E-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no
Telefon: 99 24 54 69
Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september
Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Musikk
Tilskot til drift av skulekorps og barnekor – frist 1. mars
Ordninga skal støtte driftsutgifter som administrasjon, leige av lokale, instruktør og utstyr, og er basert på medlemstal og aktivitet i skulekorps og barnekor der medlemmane i hovudsak er barn og unge (0-19 år).
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Tilskot til drift av kor, vaksenkorps og andre musikklag – frist 1. mars
Tilskotsordninga gjeld driftstilskot til amatørbaserte kor, vaksenkorps og andre musikklag der medlemmane i hovudsak er over 19 år.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale konkurransar for korps og musikklag – frist 1. mars
Ordninga skal støtte utgifter ved reise og opphald i nasjonale og internasjonale konkurransar for korps og musikklag i Alver kommune. Korps som deltek i elitedivisjon og skulekorps vert prioriterte.
Krav til søknaden
Søknad skal sendast på e-post eller per post til Alver kommune. Søknaden skal innehalde informasjon om laget, informasjon om konkurransen, medlemstal, budsjett for reisa og finansieringsplan. Godkjend rekneskap og årsmelding, og budsjett for laget skal leggjast ved.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september
Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Kunst, scene og kulturformidling
Tilskot til drift av kunst, scene og formidlingsaktivitetar – frist 1. mars
Ordninga skal støtte drift og aktivitetar innan det frivillige kunst, scene- og kulturformidlingsfeltet.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Sigrid Fivelstad
Rådgjevar kultur
E-post: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no
Telefon: 97 76 41 80
Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september
Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Kulturbygg
Tilskot til mindre investeringar ved kulturbygg og anlegg i privat eige - søknadsfrist 1. mars
Ordninga skal støtte mindre investeringar i kulturbygg og vere med på å sikre eigna lokale for ulik kulturell verksemd i Alver. Tilskot kan gjevast til kulturbygg, fleirbrukslokale, forsamlingslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, øvingslokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til vedlikehald, ombygging og modernisering, men ikkje til drift eller nybygg. Det kan gjevast tilskot til mindre investeringar i og kjøp av utstyr og materiell.
Målgruppe – kven kan søkje
Alle som driv ikkje-kommunale kulturhus kan søkje midlar frå denne tilskotsordninga, men frivillige organisasjonar utan betydeleg grad av offentleg tilskot har førsteprioritet.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Sigrid Fivelstad
Rådgjevar kultur
E-post: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no
Telefon: 97 76 41 80
Tilskot til lokale kulturbygg - frist 15. mars
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune, samt andre lag som fyller krava i retningslinene for ordninga, kan søkja tilskot til kulturbygg. Søknadsfrist i Alver kommune er 15. mars.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Sigrid Fivelstad
Rådgjevar kultur
E-post: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no
Telefon: 97 76 41 80
Kulturvern og samlingar
Tilskot til meirkostnadar ved istandsetting av nyare tids kulturminne i privat eige – frist 1. september
Ordninga skal bidra til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andre typar kulturminne i Alver kommune i privat eige. Kulturminne som er prioriterte i kulturminneplan og verneverdige kulturminne som ligg i omsynssone for kulturminne skal normalt prioriterast. Restaureringa skal skje i tråd med antikvariske prinsipp og i dialog med kulturminneansvarleg i Alver kommune.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Bente Kopperdal Hervik
Rådgjevar kultur
E-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no
Telefon: 99 24 54 69
Tilskot til prosjekt innan kulturvernarbeid og immateriell kultur – frist 1. mars og 1. september
Ordninga skal støtte kulturvernarbeid, samlingar og ivaretaking av lokal immateriell kultur.
- Bente Kopperdal Hervik
Rådgjevar kultur
E-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no
Telefon: 99 24 54 69
Andre kulturaktivitetar
Tilskot til drift og aktivitet til lag og organisasjonar som ikkje fell inn under dei andre ordningane – frist 1. mars
Ordninga skal støtte drift og aktivitet i lag/organisasjonar som ikkje fell inn under dei andre tilskotsordningane.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Driftstilskot til lag, organisasjonar og institusjonar som gjennom si verksemd har ekstraordinær lokal verdi
Driftstilskot til lag, organisasjonar og institusjonar som gjennom si verksemd har ekstraordinær verdi
Alver kommune lyser ut midlar til driftstilskot til verksemder innan kultur og idrettsfeltet som har ei monaleg verdi for kulturlivet i kommunen og driv kommunefemnande aktivitet og/eller verdi. Tilskot skal vere med å fremje eit aktivt og allsidig kunst-, kultur- og idrettsliv i Alver.
Søknadsfristen er 1. mars kvart år. Innvilga søknadar gjeld frå 2022.
Søknadane vert handsama årleg i samband med økonomiplanen til kommunen.
Retningsliner for tilskotsordninga.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Ungdomsrådsmidlar
Ungdomsrådmidlane - søknadsfrist 18. januar
Ungdom kan søkje om støtte frå ungdomsrådet til tiltak og aktivitet som kan betre dei unge sitt oppvekstmiljø.
Til dømes:
- oppstart av aktivitet eller prosjekt
- innkjøp av utstyr og matriell
- utvikling/formidling av kunst, kulturprodukjson og scene.
Neste søknadsfrist er 18. januar.
det kan søkjast om inntil kroner 5000,- frå ein aktør. Ved to eller fleire aktørar i samarbeid kan det søkjast om inntil 15.000.
Trykk her for meir informasjon om ungdomsrådmidlane
Trykk her for å søkje ungdomsrådmidlar
Stipend
Kulturstipend – frist 1. mars
Opptil tre kulturstipend skal gå til kunstnarar/kulturutøvarar, som er registrert busett i Alver kommune, har si verksemd herifrå, og som har heile eller delar av si inntekt frå kunstnarisk eller kulturell verksemd. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling og lokale kulturopplevingar.
Stipendet skal gå til følgjande tiltak:
- Utvikling av lokalt kulturliv i samarbeid med aktørar frå lokal amatørkultur, som leier fram til eit ferdig produkt, aktivitet eller framsyning.
- Kunnskapsoverføring mellom profesjonelle aktørar og lokalt amatørkulturliv.
- Eigenutvikling og auking av kompetanse, som kjem det lokale kulturlivet til gode.
- Prosjekt som stimulerer og sikrar overføring av lokal kunnskap og kultur, og immateriell kulturarv.
- Aktuelle uttrykksformar er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk og film/media.
Ordninga har ei øvre grense på kr 30 000. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vert det ikkje tildeling.
Kulturstipenda skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet. Søknadar skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Idrettsstipend – frist 1. mars
Opptil tre idrettsstipend kvart år skal gå til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Alver. Stipendet skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år.
Stipendet skal gå til følgjande tiltak:
- Eigenutvikling og kompetanseauking.
- Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene.
- Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap.
- Utvikling av lokalt idrettsliv og etablering av nye aktivitetar.
Ordninga har ei øvre grense på kr 30 000. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vert det ikkje tildeling.
Idrettsstipenda skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste 3 år. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av idrettsstipenda, dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.
For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:
- Eirik Bouwer Utne
Kultursjef
E-post: eirik.utne@alver.kommune.no
Telefon: 93 41 30 89
Krav til søkjar
Tilskot kan gjevast til lag, organisasjonar og einskildpersonar som har sitt virke i Alver kommune. Søkjarar utanfor kommunen kan etter vurdering få tilskot dersom midlane vert øyremerkt verksemd i Alver kommune, og det ikkje finst lag eller aktørar i kommunen som ivaretek denne aktiviteten eller det gjeld verksemd som kjem barn og unge frå Alver til gode.
Har ei foreining/organisasjon i kommunen sjølvstendige under-/ særgrupper, vert det berre gjeve tilskot etter søknad frå hovudlag. Det vert ikkje gjeve tilskot til politiske parti, organisasjonar som har som føremål å samla inn midlar til andre organisasjonar, organisasjonar som ikkje er opne for alle i målgruppa, eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege institusjonar/anlegg.
Alle som mottek støtte må godta ordning med følgjekort på arrangement.
Krav til søknader
Søknad skal leverast på gjeldande søknadsskjema. For lag og organisasjonar skal godkjend rekneskap samt årsmelding frå føregåande år og budsjett for inneverande år leggast ved søknaden.
Ufullstendige søknader, søknader som kjem etter søknadsfristen og søknader som fell utanfor retningslinene for ordninga, vert ikkje handsama.
Manglande rapportering eller oppfylling av kriteria for tidlegare tilskot kan føre til at søknadar vert avvist.
Dersom ein søkjer tilskot frå fleire av ordningane skal det fremjast separate søknader.
Meir informasjon
For meir informasjon om Alver kommune sine tilskotsordningar innan kulturfeltet, sjå retningsliner for kommunale tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv, eller ta kontakt med kontaktperson som er lista opp under kvar av ordningane.
Tilskotsportalen
Alver kommune vil ta i bruk Tilskuddsportalen som er ein portal der du kan få oversikt over ulike ordningar for tilskot til laget ditt.
For å få tilgang, ta kontakt med:
- Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92
Alver kommune kan berre gje tilgang til lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen.