Etablerarhjelp og gründerhjelp
Treng du hjelp til å etablere verksemda di? Ta gjerne kontakt.
Trykk her for kontaktinformasjon
Trykk her for meir informasjon om etablerarfond for Bergensregionen
Elles finst det mange gode hjelparar i regionen og fylket vårt. Under finn du eit utval aktørar.
- Altinn.no har samla det du treng å vite for å starte og drive di eiga bedrift.
- Hordaland fylkeskommune har utvikla ein eigen vegvisar for nyskaping i Hordaland, Kom-an.no. Lurar du på kven dei ulike aktørane i fylket er, er dette ein god start. Her finn du oversikt og hjelp til det meste.
- Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søke om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.
- Nordhordland Næringslag er ein interesseorganisasjon som arbeider for å fremje næringsutvikling i Nordhordlandsregionen. Næringslaget har 360 medlemsbedrifter.
- Nordhordland Næringshage er eit utviklingsmiljø for næringar som driv med reiseliv, kultur og opplevingar. Treng du kontorplass og ønskjer å vere del av eit større kompetansemiljø, kan dette vere staden for deg. Her finst i tillegg prosjektmidlar til bedrifter i etableringsfasen.
- Region Nordhordland har ei rekkje tilbod for etablerarar. Gjennom regionrådet kan du melde deg på ulike kurs, delta på temasamlingar eller møte andre gründerar.
- Vestland fylkeskommune har laga ein oversikt som kan vere nyttig.
- Driftig.no er også for deg som skal starte eller vidareutvikle ei verksemd.
Går du med ein gründer i magen?
Her har vi samla nokre nyttige lenkjer for deg.
- Etablerersenteret: Trykk her for å sjå heimeside
- Grundersporet, Alver: Trykk her for å sjå heimeside
- Norges forskningsråd: Trykk her for å sjå heimeside
- SkatteFUNN: Trykk her for å sjå heimeside
- Driftig.no: Trykk her for å sjå heimeside
Sist oppdatert:
21.12.2020
Publisert:
19.08.2020