Søkje næringsfond og andre støtteordningar
Næringsfondet i Alver
Alver kommune vil bidra til nyskaping og næringsvekst gjennom stimulering av eksisterande verksemder og arbeidsplassutvikling.
Du kan lese meir om målsettinga for næringsfondet i fondsvedtektene.
Trykk her for å sjå vedtektene.
Kven kan søkje?
Næringsfondet kan nyttast både til tiltak for verksemder og til tilretteleggande næringstiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar, til dømes:
- Føretak med forretningsadresse i Alver kommune
- Samarbeidstiltak med lokale føretak
- FOU-aktørar i samarbeid med lokale føretak
- Kommunale næringsutviklingsprosjekt
- Næringsutvikling i landbruket som ikkje får stønad frå landbrukets vanlege stønadsorgan
Verksemder som treng å ta eit nytt steg etter oppstartsfasen, eller etablerte verksemder som treng hjelp til å realisere eit nytt marknadspotensiale eller internasjonalt vekstpotensial vil vere prioritert.
Slik søkjer du
Aktuelle søkjarar er verksemder med forankring i Alver kommune.
Søknad meldast digitalt.
Trykk her for å komme til søknadsskjema.
Søknadsfrist er 1. mai og 1. oktober.
Kontakt oss
Ta kontakt med hovudprosjektleiar næring og arbeid, Tove Hagenes, om du har spørsmål knytt til næringsfond for Alver.
E-post: tove.hagenes@alver.kommune.no
Utbetaling av tilskott?
Har du fått innvilga støtte og har spørsmål om utbetalinga?
Ta kontakt med sakshandsamar Tor Kyrre Hegle
E-post: tor.hegle@alver.kommune.no
Meir informasjon
Trykk her for næringsanalyse for 2019
Etablerarfond for Bergensregionen
Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gi gründaren kompetanse om marknad og økonomi.
Bergensregionen omfattar Alver, Modalen, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Slik søkjer du
Søknaden må registrerast elektronisk på regionalforvaltning.no. Under støtteordning så vel ein «Etablerarfond for Bergensregionen 2020».
Trykk her for å lese meir om korleis ein søkjer.
Alle søknadar blir handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist.
Kven kan søkje?
Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».
Kontaktpersonar og meir informasjon
Trykk her for kontaktinformasjon
Trykk her for meir informasjon om etablerarfond for Bergensregionen
Andre støtteordningar
Det finst fleire støtteordningar for deg som startar eller utviklar ei bedrift. Her er ei samling av fleire.
- Altinn.no har ei oversikt over ulike støtteordningar – anten du er i oppstartfasen eller ønskjer å utvikle ein etablert bedrift.
- Vestland fylkeskommune har ei rekkje tilskotsordningar.
- Innovasjon Norge tilbyr lån, tilskot og garantiar. Lista over dei ulike programma er lang. Driv bedrifta di med forsking og utvikling? Då er SkatteFUNN-ordninga det rette for deg. Her kan du få inntil 20 prosent fråtrekk på skatten.
- Regionalt næringsfond støttar nye, regionale utviklingstiltak. Næringsfondet prioriterer tiltak som gjev nytte for fleire enn ein kommune. Det er mulig å søke om midlar til infrastrukturtiltak, tilrettelegging for næringsutvikling og bedriftsstøtte.
- Industriutvikling Vest
- Driftig.no
- ENOVA
- Noregs forskningsråd
- Ungt entreprenørskap
- Innovasjon Norge
- Horisont