Kunnskapsprøvane

 Vi har tre ulike kunnskapsprøvar

  • Ein for salsbevilling i butikk
  • Ein for skjenkebevilling på restaurant/bar/pub
  • Ein for skjenkekontrollørar

Kven kan ta kunnskapsprøvane?

Alle kan ta kunnskapsprøvane.

Skal du søkje om å bli godkjent som styrar eller vikar for styrar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du først stå på prøven.

Kor tar du prøvane?

Ta kontakt med Ingunn Øvretveit på telefon 56 37 54 88 for å avtale tid og stad for gjennomføring av prøve.

Gjennomføring av prøvane

  • Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.
  • Det kostar 400 kroner.
  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
  • Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.
  • Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gong.

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
  • Har du andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Dette må avtalast på førehand.

Kva er pensum?

Pensum for skjenkebevilling

  • alkoholloven kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmingar

Pensum for salsbevilling

  • alkoholloven kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmingar

Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpe på www.vinn.no

Alle lover og forskrifter finn du på www.lovdata.no.

Prøvebevis

Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019