Søkje skjenkeløyve for alkohol

Ny forskrift for sal, skjenking og opningstider i Alver kommune er forventa vedteke i juni 2020. Inntil ny alkoholpolitisk plan og forskrift ligg føre, vil handsaming av nye søknadar følgje gjeldande alkoholpolitiske plan og forskrift for tidlegare kommunegrenser for Lindås, Meland og Radøy.

Slik søkjer du om skjenkeløyve

Last ned og fyll ut felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.

Felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve

Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling i Utval for helse og omsorg.Lurar du på når utval for Helse og omsorg skal ha sitt neste møte? Trykk her for å gå til politisk møtekalender. 

Når kan du skjenke?

Ny forskrift for sal, skjenking og opningstider i Alver kommune er forventa vedteke i juni 2020. Inntil ny alkoholpolitisk plan og forskrift ligg føre, vil handsaming av nye søknadar følgje gjeldande alkoholpolitiske plan og forskrift for tidlegare kommunegrenser for Lindås, Meland og Radøy.

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd. 
 
Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.
 
Klagen sender du til: 

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019