Skogbruk

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Trykk her for meir informasjon om tilskotsordningar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Kva kan ein få tilskot til?

Tilskotet kan du få til:

  • Skogkultur
  • Vegbygging
  • Miljøtiltak i skog
  • Utdrift av skogsvirke med taubane, hest og liknande
  • Andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Skogfond

Når du sel tømmer har du som skogeigar plikt til å setje av midlar til eit skogfond.

Du vel sjølv prosentsatsen (4–40 prosent) alt etter investeringsbehovet du har på eigedommen. Når du tar ut pengar frå skogfondet til godkjende tiltak, blir 15 prosent inntektsførte, mens 85 prosent er skattefrie. Difor er det viktig å setje av nok pengar på fondet slik at du kan nyttiggjere denne økonomisk gunstige ordninga.

Kva kan fondmidlane brukast til?

Du kan bruke skogfondmidlane til:

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk og så vidare)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Slik søkjer du om utbetaling frå fondet

  1. Send eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondmidlar, inkludert utbetaling for eige arbeid, til kommunen.
  2. Bruk eitt av søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet. Det er ulike skjemavariantar avhengig av kva midlane skal brukast til. Trykk her for å gå til Landbruksdirektoratet sine skjema.

Søknadsskjema sender du til:

  • Landbrukshuset
    Kvassnesvegen 15
    5914 Isdalstø

eller på e-post til post@alver.kommune.no

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din så snart som mogleg, og prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Krav til søkjar

For at skogfondmidlar skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Klage på vedtak

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Landbruks- og skogsbilvegar

Ein landbruksveg er ein veg som har meir enn 50% landbruksnytte i bruken av vegen, dette gjeld både bil- og traktorvegar. Dersom vegen har meir enn 50 % landbruksnytte kan ein søkje om ein veg etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Landbruksvegar må byggast i samsvar med Normaler for landbruksvegar som er fastsatt av landbruks- og matdepartementet. Landbruks-/skogsvegar er eit viktig tiltak for å betre infrastrukturen på eigedommen, og såleis legge til rette for ein meir effektiv og økonomisk lønnsom drift av skogen.

Trykk her for meir informasjon på skogsveg.no

Trykk her for skjema og meir informasjon hjå Landbruksdirektoratet.

 


Sist oppdatert: 09.01.2020
Publisert: 21.01.2019