HeimSkatt, næring og landbrukSøkje næringsfond og andre støtteordningar

Søkje næringsfond og andre støtteordningar

Næringsfondet i Alver

Kommunestyret i Alver har vedtatt å setje av av fem millionar kroner årleg til næringsutvikling i Alver. Næringsfondet skal vere eit verkemiddel for å fremje og styrke næringslivet i kommunen.

Slik søkjer du

Vi er i ferd med å utarbeide nye retningsliner og kriterier for søknader til Næringsfondet. Retningslinjer og søknadsskjema vil du finna her så snart det er klart.

Kontakt oss

Ta kontakt med næringssjef Tanja Elisabeth Hoel om du har spørsmål knytt til næringsfond for Alver.  
E-post: tanja.hoel@alver.kommune.no

Utbetaling av tilskott?

Har du fått innvilga støtte og har spørsmål om utbetalinga?

Ta kontakt med sakshandsamar Tor Kyrre Hegle
E-post: tor.hegle@alver.kommune.no

Meir informasjon

Trykk her for næringsanalyse for 2019

Etablerarfond for Bergensregionen

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gi gründaren kompetanse om marknad og økonomi.

Bergensregionen omfattar Alver, Modalen, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Slik søkjer du

På heimesida til Hordaland fylkeskommune kan du lese meir om fondet og korleis du går fram for å søkje.

Alle søknadar blir handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist.

Kven kan søkje?

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Andre støtteordningar

Det finst fleire støtteordningar for deg som startar eller utviklar ei bedrift. Her er ei samling av fleire.

Altinn.no har ei oversikt over ulike støtteordningar – anten du er i oppstartfasen eller ønskjer å utvikle ein etablert bedrift.

Hordaland fylkeskommune har ei rekkje tilskotsordningar. LivOGLyst-programmet og Regionalt utviklingsprogram (RUP) er to av programma du kan søke om midlar frå. Førstnemnde støttar tiltak for bulyst og entrepenørskap. RUP gir medfinansiering til ulike utviklingsprosjekt, ikkje til drift/etablering.

Innovasjon Norge tilbyr lån, tilskot og garantiar. Lista over dei ulike programma er lang. Driv bedrifta di med forsking og utvikling? Då er SkatteFUNN-ordninga det rette for deg. Her kan du få inntil 20 prosent fråtrekk på skatten.

Regionalt næringsfond støttar nye, regionale utviklingstiltak. Næringsfondet prioriterer tiltak som gjev nytte for fleire enn ein kommune. Det er mulig å søke om midlar til infrastrukturtiltak, tilrettelegging for næringsutvikling og bedriftsstøtte.


Sist oppdatert: 13.02.2020
Publisert: 21.01.2019