HeimPlan, bygg og eigedomInformasjon om planlegging

Informasjon om planlegging

Kommunen har ansvaret for å sikre at alle planar:

  • følgjer plan- og bygningslova
  • bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling

Plansystemet er eit viktig styringsverktøy i kommunen. Planane våre seier kva mål vi har og korleis vi skal nå måla, og gjeld både politikarar, tilsette i kommunen og deg som driv næring eller er innbyggjar.

Planar under arbeid

Nokre planprosessar er omfattande og tidkrevjande.
Samstundes er det ofte fleire partar involvert i planarbeidet.
For nøkkelinformasjon om utvalte planar, trykk her.

Studier og analyser

Trykk her for moglegheitsstudie for Lindås-området

Korleis kan du påverke?

Planar seier kva samfunn vi vil ha no og i framtida. Sidan framtida til kommunen er framtida di, er det viktig for oss å høyre kva du meiner. Kvar gong vi jobbar med ein ny plan, inviterer vi deg difor til å kome med innspel og seie kva som er viktig for deg!

Trykk her for å få ei oversikt over kva planar som er på høyring no.

Plansystemet vårt, ulike plantypar

Ein planstrategi

Ein planstrategi seier kva planar vi må få på plass eller revidere for å oppnå ønska utvikling i kommunen dei neste fire åra.
Trykk her for tidlegare Lindås kommune sin planstrategi for 2016-2019

Ein kommuneplan

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen handlar om framtida til kommunen og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Arealdelen er eit kart, som visar kor vi skal drive med kva i kommunen. Kvar skal vi bu? Kvar skal vi drive næring? Kvar skal vi ha urørt natur? Og så vidare.

Kommunedelplanar/fagtemaplanar

Ein kommunedelplan er ein overordna plan for eit areal eller eit særskilt tema. Kommunedelplanane er juridisk bindande og kan berre bli utarbeidd av det offentlege. Det vert også laga mange fagtemaplanar som ikkje er kommunedelplanar.

Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert plan enn kommuneplan og kommunedelplan. Ein reguleringsplan er eit detaljert kart med reglar for bruk, vern og utforming av eit fysisk område. Det finst to typar reguleringsplanar, områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Både private og offentlege aktørar kan utarbeide ein reguleringsplan, men alle reguleringsplanar må innom kommunestyret for endeleg godkjenning. Planane kan både gjelde for større og mindre område, og skal alltid følgje måla i dei overordna planane som gjeld for området – kommuneplanen, eller eventuelle kommunedelplanar eller områdeplanar. Les meir om reguleringsplanar her.

Slik jobbar vi fram nye planar

Vanlege hovudfasar:

  1. Førebuingar:
    Sjekke at planen er med i overordna planar.
  2. Planprogram:
    Lage ein plan for arbeidet med planen. Planprogrammet skal på høyring og innom politikarane for godkjenning (for kompliserte planar).
  3. Planforslag:
    Utarbeide forslag med eventuell konsekvensutgreiing (KU).
  4. Høyring:
    Høyre kva innbyggjarar, næringsliv, offentlege styresmakter og andre interessentar meiner om forslaget.
  5. Ferdigstilling og vedtak:
    Justere forslag etter innspel. Endeleg politisk vedtak og kunngjering.
Planregisteret

I planregisteret finn du alle reguleringsplanar, kommune(del)planar og planar under arbeid.

Du finn planregisteret her. 

Planregisteret vert kontinuerleg oppdatert. Finn du ikkje planen du leiter etter, ta kontakt via e-post på post@alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 19.08.2020
Publisert: 21.01.2019