Planar under arbeid

Her finn du informasjon om utvalte planar som er under arbeid.

NB! Informasjon om alle arealplanar under arbeid finnast i kommunen sitt digitale planregister.

Kommuneplanen

Vi jobbar no med kommuneplanen for Alver. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

Les meir om kva ein kommuneplan er på regjeringen.no.

Samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er under arbeid og kjem på høyring hausten 2021. Dette kjem det meir informasjon om på heimesida vår, i sosiale medier og i lokalaviser.

Trykk her for å lese planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel.

Vi har samla alle innspela som kom inn i medverknadsperioden hausten 2020/vinteren 2021 i sju rapportar:

Politikarane har fått alle rapportane, og jobba vidare med kva mål vi skal ha for framtida til kommunen i fleire politiske verkstadar.

Innspel frå dei politiske verkstadane, rapportane og kunnskapsgrunnlaget er samla i ei hovudanalyse. Denne brukar administrajonen no som grunnlag for utkastet til mål og delmål, som politikarane skal jobbe vidare med før samfunnsdelen kjem på høyring til hausten.

Trykk her for å laste ned og lese hovudanalysen.

Kontaktperson for samfunndelen er:

Arealdelen

Vinter 2021-2022 starter arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

Vi ønskjer innspel til denne delen av kommuneplanen også, og kjem tilbake med meir informasjon om korleis du kan kome med innspel.

Alle innspel til planar blir lest og gjort kjent for politikarane. På den måten får politikarne i Alver vite kva som er viktig for deg før dei tar avgjerder eller lagar mål for framtida til kommunen vår.

Når kan du gi innspel til arealdelen?

Vi ønskjer at alle innspela til kommuneplanen sin arealdel blir sendt i samband med innspelsperioden for planarbeidet. Årsaka er at vi ønskjer at alle innspel blir sendt inn i samsvar med rammene for planarbeidet som vert fastsatt gjennom samfunnsdelen og planprogrammet til kommuneplanen sin arealdel.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om når og korleis du kan kome med dine innspel.

Kontaktperson for arealdelen er:

Kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen

Planforslag er under utarbeiding basert på vedteke planprogram.

Statens vegvesen, med bistand frå Norconsult, utarbeider planforslaget.
Nettside for planarbeidet finn du her: Prosjektside
Alver kommune er planmynde.

Kontaktperson i Alver kommune er:
Rådgjevar Marte Hagen Eriksrud, plan og analyse
E-post: marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no

Områdeplan for Midtmarka og Rotemyra

Trykk her for å informasjon vedk. områderegulering for Midtmarka og Rotemyra

Kontaktperson i Alver kommune er: 
Rådgjevar Marte Hagen Eriksrud, plan og analyse
E-post: marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no

Kommunedelplan - Helse, sosial og omsorg

Samstundes med utarbeiding av ny samfunnsdel til kommuneplanen er det bestemt at det skal utarbeidast kommunedelplanar for Helse,sosial og omsorg samt for oppvekst. Planarbeidet er starta og prosess med godkjenning av planprogram er gjennomført.

Her er: Vedteke planprogram.

Kontaktperson i Alver kommune er: 
Rådgjevar Hans Kristian Dolmen, plan og analyse
E-post: hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no

Kommunedelplan - oppvekst

Samstundes med utarbeiding av ny samfunnsdel til kommuneplanen er det bestemt at det skal utarbeidast kommunedelplanar for Helse,sosial og omsorg samt for oppvekst. Planarbeidet er starta og prosess med godkjenning av planprogram er gjennomført.

Her er: Vedteke planprogram.

Kontaktperson i Alver kommune er: 
Rådgjevar Rolf Raknes, plan og analyse
E-post: rolf.raknes@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 09.07.2021
Publisert: 04.06.2020