HjemPlan, bygg og eigedomInformasjon om plansystem og planprosessar

Informasjon om plansystem og planprosessar

Kommunen har ansvaret for å sikre at alle planar:

  • følgjer plan- og bygningslova
  • bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling

Plansystemet er eit viktig styringsverktøy i kommunen. Planane våre seier kva mål vi har og korleis vi skal nå måla, og gjeld både politikarar, tilsette i kommunen og deg som driv næring eller er innbyggjar.

Plansystemet vårt, ulike plantypar

Det norske plansystem

Ein planstrategi

Ein planstrategi seier kva planar vi må få på plass eller revidere for å oppnå ønska utvikling i kommunen dei neste fire åra.

Trykk her for planstrategi  2021-24

Ein kommuneplan

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen handlar om framtida til kommunen og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Arealdelen er eit kart, som visar kor vi skal drive med kva i kommunen. Kvar skal vi bu? Kvar skal vi drive næring? Kvar skal vi ha urørt natur? Og så vidare.

Kommunedelplanar/fagtemaplanar

Ein kommunedelplan er ein overordna plan for eit areal eller eit særskilt tema. Kommunedelplanane er juridisk bindande og kan berre bli utarbeidd av det offentlege. Det vert også laga mange fagtemaplanar som ikkje er kommunedelplanar.

Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert plan enn kommuneplan og kommunedelplan. Ein reguleringsplan er eit detaljert kart med reglar for bruk, vern og utforming av eit fysisk område. Det finst to typar reguleringsplanar, områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Både private og offentlege aktørar kan utarbeide ein reguleringsplan, men alle reguleringsplanar må innom kommunestyret for endeleg godkjenning. Planane kan både gjelde for større og mindre område, og skal alltid følgje måla i dei overordna planane som gjeld for området – kommuneplanen, eller eventuelle kommunedelplanar eller områdeplanar. Les meir om reguleringsplanar her.

Slik jobbar vi fram nye planar

Vanlege hovudfasar:

  1. Førebuingar:
    Sjekke at planen er med i overordna planar.
  2. Planprogram:
    Lage ein plan for arbeidet med planen. Planprogrammet skal på høyring og innom politikarane for godkjenning (for kompliserte planar).
  3. Planforslag:
    Utarbeide forslag med eventuell konsekvensutgreiing (KU).
  4. Høyring:
    Høyre kva innbyggjarar, næringsliv, offentlege styresmakter og andre interessentar meiner om forslaget.
  5. Ferdigstilling og vedtak:
    Justere forslag etter innspel. Endeleg politisk vedtak og kunngjering.
Korleis kan du påverke?

Planar seier kva samfunn vi vil ha no og i framtida. Sidan framtida til kommunen er framtida di, er det viktig for oss å høyre kva du meiner. Kvar gong vi jobbar med ein ny plan, inviterer vi deg difor til å kome med innspel og seie kva som er viktig for deg!


Du kan koma med merknad når planane er lagt ut til offenleg høyring og ettersyn her:

Trykk her for kunngjeringar om planar som er på høyring.

 

Studiar, analysar og statistikk

I arbeidet med nye planar er det viktig med god kunnskap. Her finn du nokre studiar og analyser som er utarbeidd.

Trykk her for "Mogelegheits- og utfordringsdokument" Alver kommune

Trykk her for moglegheitsstudie for Lindås-området

Trykk her for Barnetråkk Lindås 2018

Trykk her for Folkehelseoversikt Alver 2020

Trykk her for presentasjon av Folkehelseoversikt Alver 2020

For meir statistikk og kunnskapsgrunnlag:
Trykk her.

Planar i prosess

For informasjon om pågåande planarbeid, 

Planregisteret

I planregisteret finn du alle arealplanar,det vil seie reguleringsplanar, kommune(del)planar og arealplanar i prosess.

Du finn planregisteret ved å trykkje på denne lenkja. 

Planregisteret vert kontinuerleg oppdatert. Finn du ikkje planen du leiter etter, ta kontakt via e-post på post@alver.kommune.no.

Kontakt planvakta

Planvakta

Du kan ikkje bestille time, men tenesten er open for rettleiing på telefon måndag til fredag mellom kl. 09:00 - 14.30.

Kva hjelper planvakta deg med?

Kva hjelper ikkje planvakta med?

  • Vi kan ikkje rettleie deg i forhold til byggjesaker. Byggjesaksvakta svarer på henvendingar knytt til byggjesaker.
  • Vi kan ikkje teikne, prosjektere eller fylle ut søknadar til deg. Kommunen kan ikkje handsame søknadar som den sjølv har bidratt til å fylle ut.
  • Vi kan ikkje rettleie i pågåande plansaker. Har du spørsmål til ei pågåande sak, er det sakshandsamar på den aktuelle saka du må vende deg til.

Kontakt

For å komme i kontakt med planvakta må du ringje
Innbyggjarservice på 56 37 50 00


Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 05.10.2018