Kommunal bustad

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for kommunal bustad.

  • Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som visar kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  • Er du skilt eller separert, må du legge veg kopi av skifteavtale.
  • Er du utandlansk statsborgar, må du leggje ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

Du kan og levere skjemaet til eit av våre kontor for innbyggjarservice. Desse finn du i Knarvik Senter, på Manger og på Frekhaug. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søkjer må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Vere registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsakar ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Ha låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019