HeimPlan, bygg og eigedomBustadHjelp til tilpassing av bustad

Hjelp til tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søkje om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere han eigna slik at du kan halde fram å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Det finst låne- og tilskotsordningar, som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som finst for deg. Tilpassinga må vere formålstenleg, og behovet for tilskott blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.

Trykk her for å sjå filmen vår om bustadtilpassing, og få meir informasjon om tilbodet.

Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema for tilskott til tilpassing på Husbanken si heimeside. Det enklaste er å sende søknaden elektronisk.

Trykk her for å gå til sida med søknadsskjema.

Du kan òg laste ned papirsøknadsskjema frå den same sida eller kontakte kommunen sitt kundesenter på telefon 56 37 50 00 for å få eit skjema tilsendt. Dei kan òg hjelpe deg med å fylle ut søknaden.

Fyll ut søknaden, signer, og send skjemaet til:

Du kan også levere skjemaet til eit av våre kontor for innbyggjarservice. Desse finn du i Knarvik Senter, på Manger og på Frekhaug. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadene etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan fire veker frå vi har fått søknaden din.

Kven kan få tilskott?

Husstandar eller personar som har behov for tilpassing av bustad, kan få tilskott.

Eldre som ønskjer å gjennomføre førebyggjande tilpassingstiltak i bustaden sin, kan òg få tilskott.

Du kan få tilskott til:

  • både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og større ombyggingar for å leggje bustaden til rette
  • både leig og eigd bustad

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar. Klagefristen er tre veker frå du har fått vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 21.01.2019