HjemPlan, bygg og eigedomBustadTilskott til kjøp av bustad

Tilskott til kjøp av bustad

Slik søkjer du

Før du søker, ta kontakt med bustadkontoret i Alver. Vi kan hjelpe deg med å finne ein eigna bustad og gi informasjon om ulike moglegheiter for finansiering. Vi kan også gi informasjon om andre støtteordningar, til dømes bustøtte og startlån. Begge desse ordningane kan du lese meir om her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for tilskot til kjøp av bustad.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

  • Alver kommune
    Bustadkontoret
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Du kan også levere skjemaet til eit av våre kontor for innbyggjarservice. Desse finn du i Amfi Knarvik, på Manger og Frekhaug. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om tilskot til etablering.

Kva får du?

Kommunen avgjer kor stort tilskot du får etter ei vurdering av situasjonen din.

Krav til søkjar

Tilskotet skal vere ei hjelp til:

  • Deg med varig låg inntekt.
  • Deg som ikkje er i stand til å lånefinansiere bustaden fullt ut.
  • Ordninga prioriterer dei med størst utfordringar. Etterspurnaden etter tilskot er stor. Prioriteringar av søknadane vil variere frå kommune til kommune.
Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 17.02.2023
Publisert: 13.11.2018