Byggetilsyn

Kommunen har plikt til å gjennomføre tilsyn i byggeprosjekter. Når vi gjennomfører tilsyn kontrollerer vi i hovudsak om dei ansvarlege føl byggeløyvet og lovverket.

Kvifor gjennomfører vi tilsyn? 

Hovudmålet med byggeplasstilsyn er å bidra til betre bygg med god kvalitet. Regelmessige tilsyn vil bidra til økt seriøsitet i bransjen, økt tillit til ansvarsrettssystemet og reduserte kostnader i byggeprosessen. Tilsyn vil også gje ein betre dialog mellom kommune og føretak.

Når gjennomfører vi tilsyn?

Kommunen kan gjennomføre tilsyn når som helst i løpet av ei byggesak, og inntil fem år etter ferdigattest. Det kan skje på vårt eige initiativ, eller på grunn av melding frå andre. I dei fleste tilfelle vil vi varsle på førehand at vi kjem på tilsyn, men vi kan også komme uanmeldt.

Korleis gjennomfører vi tilsyn?

I hovudsak kan vi gjennomføre tre typar tilsyn i samband med byggesaker. 

  • Byggeplasstilsyn
    Ved eit byggeplasstilsyn vil vi komme ut på byggeplassen for å sjå om utbyggar føl byggeløyvet og reglane i plan- og bygningslova.
  • Dokumenttilsyn
    I eit dokumenttilsyn vil vi be om å få tilsendt dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at løysingane for eit fagområde oppfyller krava i plan- og bygningslova.
  • Føretakstilsyn
    Under eit føretakstilsyn vil vi kontrollere at eit ansvarleg føretak har eit styringssystem som tilfredsstiller krava i lov og forskrift. Tilsynet gjennomførast som regel ved at vi kallar føretaket inn til oss.  

Kva gjer kommunen dersom vi finn avvik

Dersom vi finn avvik kan vi følgje opp på forskjellige måtar. Dei vanlegaste reaksjonane frå kommunen er:

  • Ein advarsel
  • Trekke tilbake ansvarsrettar
  • Krevje uavhengig kontroll
  • Krevje at avviket rettast
  • Krevje stans i arbeidet fram til avviket er retta
  • Lovbrotsgebyr

Du kan ha klagerett

Innkalling og gjennomføring av tilsyn kan du ikkje klage på. Vedtak om krav og sanksjoner kan derimot klagast på. 
Trykk her for meir informasjon om å klage på eit vedtak. 

Meir informasjon


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 19.12.2019