Endre bygningsopplysningar i matrikkelen
Kva kan du endre?
Du kan be om å få endra opplysningar i matrikkelen (eigedomsregisteret) for bygningen din. Endring av matrikkelopplysningar kan bety at du må søke etter plan- og bygningslova først.
Endringar du kan gjere i matrikkelen er:
- endre status frå våningshus til våningshus brukt til fritidsbustad
- endra opplagte feil i matrikkelen til dømes bygningar som er garasje, driftsbygningar, naust/uthus som i matrikkelen er registert som bustad eller fritidsbustad
Slik søkjer du
For å endra status på bruk av bygning må du sende inn ein søknad der du ber om retting av bygningsopplysningar. I søknaden må du legge ved teikningar og foto av bygningen, teikningar som viser planløysing. I søknaden må du gjere greie for kvifor du søkjer om endring.
Søknad om endring av matrikkelopplysningar blir ikkje godkjent, dersom endringa krev løyve etter plan- og bygningslova.
Skjema for krav om endring av bygningstype i matrikkelen finn du her
Sist oppdatert:
23.08.2023
Publisert:
15.07.2020