Adressetildeling

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informere den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingsløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn.

Adressa skal om mogleg knytast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg.

Kommunen kan tildele eller endre adresse:

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Lover og forskrifter


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 20.05.2020