Arealoverføring

Overføring av større areal på eigedomar

Skal du overføre areal mellom tilstøytande eigedomar (matrikkeleiningar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Arealoverføring krev søknad og løyve etter Plan- og Bygningslova. Når søknaden er godkjent, vert saka sendt vidare til Kart og oppmålingsavdelinga for vidare gjennomføring.

Kriterier for arealoverføring

Før ein godkjent arealoverføring kan gjennomførast, må det ryddast opp i eventuelle pengeheftelsar og urådigheter som berører eigedomen som skal avgje areal. Ta kontakt med ein landmålar i kommunen som vil kunne informere om dette. Når alle nødvendige ting er ordna, vil landmålaren kalle inn partane til ein oppmålingsforretning ute på eigedomen.

Same eigar på dei involverte eigedomane

Dersom same person eig begge dei involverte eigedomane er det ikkje naudsynt å fylle ut søknadskjema. Det skal heller ikkje betalast dokumentavgift på overføringa. Eigar må signere på arealoverføringa i protokollen. Saka vert sendt vidare til tinglysing.

Kriterier for arealoverføring

Arealoverføring er i praksis ein frådeling, overskjøting og samanslåing i ein sak. Det vert ikkje oppretta nytt bruksnummer på arealet. Matrikkellova § 15.

  • Det må føreliggje tinglyst erklæring om pantefråfall frå innehavar av registrerte pengeheftelsar.
  • Det må føreliggje erklæring om samtykke frå innehavarar av registrerte urådigheter.
  • Kommunen gjennomfører ikkje saka før alle pengeheftelsar er ordna opp i.
  • Alle registrerte eigarar og feste på eigedomen som avgjer areal, må samtykke til arealoverføringa.
  • Det kan kun vere to involverte eigedomar i kvar arealoverføring.

Kven kan søkje om arealoverføring?

For å søkje må du vere registrert heimelshavar på ein av dei involverte eigedomane. Søknaden må signerast av alle heimelshavarar på både avgjevande og mottakande eigedom.

Saksgang

Saksgang for arealoverføring er nesten lik som for deling av eigedom, men det vert ikkje oppretta nytt bruksnummer, den frådelte teigen går inn i eksisterande eigedom og vert tinglyst. Det vert sendt ut nytt matrikkelbrev til kunden.


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 29.05.2020