HeimPlan, bygg og eigedomKart og oppmålingEndre bygningsopplysningar i matrikkelen

Endre bygningsopplysningar i matrikkelen

Kva kan du endre?

Du kan be om å få endra opplysningar i matrikkelen (eigedomsregisteret) for bygningen din. Endring av matrikkelopplysningar kan bety at du må søke etter plan- og bygningslova først.

Endringar du kan gjere i matrikkelen er:

  • endre status frå våningshus til våningshus brukt til fritidsbustad
  • endra opplagte feil i matrikkelen til dømes bygningar som er garasje, driftsbygningar, naust/uthus som i matrikkelen er registert som bustad eller fritidsbustad

Slik søkjer du

For å endra status på bruk av bygning må du sende inn ein søknad der du ber om retting av bygningsopplysningar. I søknaden må du legge ved teikningar og foto av bygningen, teikningar som viser planløysing. I søknaden må du gjere greie for kvifor du søkjer om endring.

Søknad om endring av matrikkelopplysningar blir ikkje godkjent, dersom endringa krev løyve etter plan- og bygningslova.

Skjema for søknad om endring av matrikkelopplysningar finn du her.


Sist oppdatert: 15.07.2020
Publisert: 15.07.2020