Samanslåing av eigedomar

Kven kan krevje samanslåing?

Det er eigar, eller den som har grunnboksheimel, som kan krevja samanslåing av eigedomar.

Skjema, vedlegg og vilkår

  • Før kravet vert handsama, må skjemaet vere underteikna av den eller dei som har grunnboksheimel som eigar, jf. matrikkellova § 18.
  • Dersom ein av eigedomane har tinglyste heftelsar, må det ordnast opp i disse før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd.
  • Opplysningar om heftelsar med vidare får ein ved henvending til tinglysingsmyndigheten, www.kartverket.no.
  • Saman med kravet skal det følgje:
    • Kart (NH-kart) som viser grenser og grensemerker for eigedomen.
      Trykk her for å kome til Nordhordlandskart
    • Bekreftelse på at eventuelle heimelshavarar til bruksrett, herunder heimelshavarar som fester, er varsla.
    • Dokument som er nødvendige for å få tinglyst samanslåinga, jf. matrikkelforskriften § 43 første ledd.

Kravskjema

Kravskjema finn du her, eller du kan få det tilsendt frå kommunen.

Kva kostar det? 

Samanslåing av eigedomar er gratis.


Sist oppdatert: 19.08.2020
Publisert: 06.12.2019