Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein eigedom i fleire eigarseksjonar, når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg. Kvar eigarseksjon representerer ein ideell sameigedel i eigedomen, med einerett til bruk av ei bestemt brukseining. Det kan seksjonerast til bustadseksjonar, næringsseksjonar eller ein kombinasjon av begge typar seksjonar.

Seksjonering kan gjennomførast med eller utan eksklusiv bruksrett til uteareal. Dersom det skal vere eksklusiv bruksrett til utearealet for meir enn 30 år, er dette oppmålingsplikt på jf. Matrikkelforskrifta §35.

Du kan søkje om seksjonering sjølv.

Krav til dokumentasjon

Det skal sendast inn 2 originalar (ev. attesterte kopiar) av fullstendig søknad med vedlegg. 

Vedlegg i 1 eksemplar:

  • vedtekter for sameiget
  • firmaattest
  • eventuell fullmakt

Ved eksklusiv bruksrett til uteareal skal det i tillegg sendast inn rekvisisjon av oppmålingsforretning.

Der det ligg føre tilfredstillande kart med koordinatfesta seksjonsgrenser kan oppmålingsforretningar utførast som ein kontorforretning.

Kva kostar det?

Pris på tenesta er bestemt i Lokal forskrift om gebyr for teknisk forvaltningsteneste i Alver kommune.

Handsamingstid

Søknader vert behandla fortløpande, men med ein maksfrist på 12 veker etter fullstendig søknad er innkomen. Etter fristen er ute får kommunen reduksjon i gebyret.

Klage

Etter at du har fått vedtak i saka er det 3 veker klagefrist på vedtaket. Dette gjeld både ved positivt og negativt vedtak. Ved positivt vedtak kan likevel ikkje seksjoneringa verte sendt til tinglysing før klagefristen er ute.

Sende søknad

Søknad om seksjonering med vedlegg skal sendast/leverast i 2 eksemplar til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Du kan og levere søknaden på eitt av våre kontor for innbyggjarservice, anten i Knarvik, på Frekhaug eller på Manger.

Heimel

Meir informasjon

Sjå nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK)


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 06.12.2019