HeimPlan, bygg og eigedomDeling av eigedom

Deling av eigedom

Deling av eigedom/overføring av areal

Om du ønskjer å dela ein eigedom eller overføre delar av eigedomen din til ein anna eigedom må du søkje om deling og be om oppmålingsforretning. Det same gjeld for festetomt og anleggseigedom. 

Du kan sende søknad på eiga hand

  • Grunneigar kan søkje om deling og overføring av areal på eiga hand.
  • Alternativt kan andre med fullmakt søkje for deg. 

Søknad om deling skal innehalde

Trykk her for skjema for søknad om løyve til deling/arealoverføring

    • Viss du ønskjer at eit løyve til frådeling eller løyve til arealoverføring skal gå vidare til oppmåling etter at søknaden er handsama av avdeling for plan og byggesak, må du opplyse om dette i søknadsskjemaet.
  • Vidare må du leggje ved situasjonskart der arealet du søkjer frådelt/overført er markert. 
    Trykk her for kart.
  • Søknad om løyve til deling/arealoverføring må nabovarslast.
    Trykk her for informasjon om nabovarsling.
  • Ved frådeling av byggetomt:
    • Nødvendige erklæringar (privat rett til veg, vatn og avlaup)
    • Godkjent løyve til avkøyring frå offentleg veg. Informasjon og søknad om løyve finn du her.

Om du ikkje finn kartet eller søknadsskjemaet du treng, kan du kontakte oss, så hjelper vi deg. Trykk her for kontaktinformasjon.

Vedtak

Vedtak om løyve til frådeling eller arealoverføring vert sendt til deg og til avdeling for kart og oppmåling viss du har bedt om oppmålingsforretning i søknadsskjemaet. 

Sende inn søknad

Søknaden sender du samla til post@alver.kommune.no
Viss du vil sende søknaden i post, sender du den til

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Oppmålingsforretning

  • Rekvirent, naboar og eventuelle rettshavarar til arealet som skal delast frå/overførast blir kalt inn til oppmålingsforretning per brev minst to veker før tidspunktet for oppsett oppmåling.
  • Er du innkalt kan andre stille på vegne for deg, med skriftleg fullmakt.
  • Det vert halde oppmålingsforretning over eigedomen der partane bidrar til å påvise eksisterande grenser i samsvar med målebrev/skylddelingsforretninger.
  • Nye grenser etter delingsløyve vert påvist og sett av landmålar.
  • Grensemerke blir sett ned i marka og grensepunkta vert målt.
  • Det vert ført protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.

Matrikkelføring og tinglysing

  • Etter oppmålingsforretninga er gjennomført og eventuelle vilkår er oppfylt, vert den nye matrikkeleininga ført inn i Matrikkelen og sendt til tinglysing.
  • Dersom det er tinglyst uråderett på eigedomen arealet skal delast frå, eller det er andre tilhøve som hindrar tinglysing, vil saka bli returnert til kommunen som vidaresender det til partane for retting.

Matrikkelbrev

  • Når kommunen har fått tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, vert det sendt ut matrikkelbrev til rekvirenten.
  • Partane har 3 vekers klagefrist frå ein har motteke matrikkelbrevet.
    Trykk her for informasjon om klage.

Gebyr

  • Søknad om frådeling er gebyrbelagt.
  • Du får eit gebyr for vedtak etter plan- og bygningslova og eit gebyr for oppmålingsforretninga.
  • I tillegg kjem tinglysingsgebyr. 

Skøyte

  • Overdraging av parsellen til ny eigar må partane ordne sjølv. 

Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 21.01.2019